Bra EØS-utval, dårleg mandat

7 01 2010

Det har i lengre tid vore interne debattar mellom regjeringspartia om korleis løftet om ei utreiing om EØS skal oppfyllast. Eigentleg skulle utfallet offentleggjerast før jul, men det har blitt forsinka, truleg på grunn av intern usemje. No har både utvalet og samansetninga blitt offentleggjort.

Regjeringa ser ut til å ha greidd å setta saman eit breidt og fint utval som skal saumfara EØS-avtala og verknadane av henne. Utvalet er prega av ekspertar, men ein god del av dei har ei tydeleg forankring i andre miljø. Kampanjeorganisasjonane på ja- og neisida har ingen grunn til å vera misnøgde med at dei ikkje er teke direkte med. Dette utvalet vil, så vidt eg kan sjå, kunne levera

Leiaren av utvalet er Fredrik Seiersted. Så vidt eg veit er han EU-tilhengar, men ikkje blind for dei problematiske sidene ved EU-retten.  Han kjempa Noreg si sak som regjeringsadvokat i Heimfallssaka og speleautomatsaka, og har nok vunne ein del tillit i mange miljø på grunn av innsatsen sin der. Han har publisert mykje om EØS-rett.

Nestleiaren er jurist, næringslivsmenneske og tidlegare SP-statssekretær, Liv Monica Stubbholt.

Elles sitt det i utvalet fagpersonar som plar vera ganske så EU-glade, som Frank Årebrot, Helene Sjursen og FAFO-mannen Dølvik. Dag Seierstad er ein tilsvarande fagperson med nei-forankring som har fått plass i utvalet. I tillegg sitt det til alt hell òg ein del fagfolk som ikkje tidlegare har hatt noko profilert syn på EU.

Utvalet har fått i oppdrag å sjå på alle mulege slags konsekvensar av EØS. I formuleringane er det tydeleg å sjå formuleringar frå SP og SV, til dømes

” Eksempler på områder det kan være naturlig å utrede er bl.a. distriktspolitikk, demokrati på alle styringsnivå, nærings- og arbeidsliv samt forvaltning av naturressurser og miljø.” Vidare har SP fått gjennomslag for sin ide om at utvalet skal henta inn forskingsbidrag frå sør. Det er veldig positivt, og kan gje interessante perspektiv.

Hovudproblemet med mandatet er det som ikkje står der, nemleg at det ikkje står at ein skal utreia alternativ til EØS. Alle sider og posisjonar i EU-debatten burde vera interesserte i å få fram meir kunnskap om alternativa til EØS. Dei som er mot EU og mot EØS treng det for å komma nokon veg med den saka. Dei som er for EU burde innsjå at me ikkje kjem inn med det fyrste, og burde difor vera villige til å undersøka om EØS er den nest beste løysinga, eller om det finst andre måtar å ordna tilhøvet til EU på fram til me eventuelt ein gong i framtida skal inn. Dei som er for EØS og mot EU burde ha interesse i å få ei utreiing av alternativa. Om dei har tru på sitt eige standpunkt ville dei jo meina at ei sånn utreiing måtte ha konkludert med at EØS er det beste alternativet. Då ville EØS-tilhengarane stått mykje sterkare i debatten enn det dei gjer i dag, kor avtala blir kritisert av både ja –o g nei-sida.

Vonleg vil utreiinga føra til meir debatt om EØS, og det kan på sikt føra til auka interesse for alternativa. Det er vidare verdt å merka seg at utvalet skal jobba på ein utoverretta måte, og trekka inn organisasjonar og folk flest i arbeidet. Det står mellom anna at: ”Utvalget skal som ledd i sitt arbeid bidra til en åpen og inkluderende prosess gjennom seminarer, debattmøter mm.”

Les heile samansetninga

Les mandatet





Seniorforskarar…

21 12 2009

I ei ny måling går nei-sida fram, og ja-sida (littegrann) tilbake. Nei-leiinga er framleis noko mindre enn ho var på det største, men er i kvart fall over 10%.

Kommentarane til dette er: – Denne målingen styrker inntrykket av at ingenting av det som skjer utenfor Norge, påvirker vår holdning til EU. Det er vår egen pengebok som bestemmer, og så lenge vi har råd til å stå utenfor, blir vi der.

Nei, kommentaren  er ikkje frå leiar av Europarørsla, men frå Seniorforskar Arve Østgaard i Sentio, som har gjennomførd målinga. Eg kan ikkje unngå å hissa meg opp over denne type kommentarar. Undersøkinga gjer ikkje grunnlag for å sei dette.

Om det er nordmenn sin egoisme som gjer at me (i kvart fall eit fleirtal av oss) seier nei til Eu, korleis kan det så variera frå månad til månad? Egoisme er då ikkje noko som slår seg av og på, som brytaren på eit eller anna elektrisk apparat.

Eg kan ikkje seia noko sikkert om kva som gjer at nei-sida går fram på denne målinga. Det kan tenkast at det skyldast den ikkje akkurat opne og demokratiske utpeikinga av folk til topp-postane i EU, men samstundes er det nok mange som ikkje har fått med seg alt om denne prosessen. Det kan vera at alt fokuset på FN-toppmøtet om klima (som gjekk sørgjeleg dårleg), kor Noreg talte med ei sjølvstendig stemme, og kom med eigne framlegg, saman med Mexico. Som EU-medlem måtte me ha fulgt unionen sin felles politikk. Det kan sjølvsagt  òg tenkast at målinga er ein tilfeldig variasjon, eller at dei førre målingane viste for mykje ja, og at denne viser for mykje nei. Statistikken sine vegar er uransakelege (hadde eg hatt den juridisk-administrative nynorsk-ordlista mi her skulle eg funne eit betre ord). Men målinga gjev ikkje seniorforskaren grunnlag for å sei at nordmenn si EU-haldning ikkje blir påverka av kva som skjer utanfor landet.

Historisk har me sett at nordmenn si EU-haldning har blitt påverka av ting som skjer på andre sida av grensa. I 2003-04 gjekk ja-sida mykje fram, og målingar synte at austutvidinga gjorde mange nordmenn meir EU-positive. I 2005 gjekk nei-sida mykje fram rett etter at franskmennene og nederlendarane stemte nei til EU-grunnloven.

Det er vidare gjort ein god del forsking på kva som gjer at nordmenn seier ja eller nei til EU. I etterkant av 1994 blei det skreve ei tjukk bok om det, som delvis er penshum på Innføring i Komparativ politikk på UiO. Boka slår mellom anna fast at korkje i Noreg eller i Sverige hadde framandfrykt eller kor stolt ein var av landet sitt noko utslag på om ein stemte nei eller ja. Boka finn du her, ho er skikkeleg bra. http://bokelskere.no/bok/to-join-or-not-to-join/168822/

Ulike grupper i samfunnet har statistisk sett ulike handlingar til EU. Det fyljer ulike skiljeliner som allereie eksisterer i samfunnet, langs geografi, kjønn, alder, økonomisk kapital/klasse, kulturell kapital, sektor og partipolitisk/ideologisk plassering. Til dømes er unge meir mot EU enn middelaldrande, folk i Nord-Noreg meir mot EU enn folk i Oslo, lågtlønna meir mot EU enn høgtlønna og tilhengarar av Krf, SV og SP meir mot EU enn Høgrefolk. Skal ein tru på at EU-motstand heng saman med grad  av nasjonal egoisme, vil det sei at dei gruppene kor nei-sida står sterkast gjennomgåande er mykje meir egoistiske enn dei gruppene kor ja-sida står sterkast. Og det har eg rett og slett ikkje tru på.

Eg synst at seniorforskaren anten bør gjennomføra ny forsking som undersøker kva som gjer at nordmenn har dei haldningane dei her til EU, eller slutta å komma med kommentarar som stemplar nei-folk som sneversynte egoistar.

Skulle ei sånn undersøking blitt gjort tippar eg at pengebok-grunnar vil vera minst like viktige på ja-sida som på nei-sida. Det finst nemleg gode egoist-argument på begge sider:

Nei-lomme-bok-argument:

  • EU-kontingent på 20 mrd (nesten ti gonger så mykje som EØS-avgifta) vil måtte råka vanlege folk sin økonomi.

Ja-lommebok-argument:

  • Mat importert frå industrilandbruk i EU blir litt billigare enn norskprodusert mat.
  • Fri flyt av alkohol gjer at dei som a)drikk veldig mykje og b) bur i nærleiken av ei grense kan spara ein del på alkoholutgiftene.

Ja-sida har til og med prøvd å skåra politisk mynt på matprisane. Eg håpar at neisida ikkje vil svara med same mynt, men å halda fram med å argumentera mot EU-medlemskap basert på folkestyre, miljø og solidaritet. Eg trur dessutan at dei fleste, både ja-folk og nei-folk ser lengre enn til lommeboka når dei skal ta stilling til denne saka.

Om du er mot EU, bør du bli medlem av Nei til EU. Rørsla passerer i desse dagar 30 000 medlemmar.

Eit mediekommentatorisk PS.

Målinga er gjennomførd for, og betalt av, dei fattige små-avisene Nationen  og Klassekampen. Dagbladet sin sak er ei NTB-melding. NTB har berre satt inn betre mellom-overskrifter,  og kutta vekk Europarørsle-leiaren sine smaklause kommentarar. Elles er det rein avskrift frå Nationen. NTB-journalisten var kanskje på si siste vakt før juleferien, og måtte berre komma seg avgarde.





Fæl julegåve?

2 12 2009

Dette bilete er frå ein aksjon den danske organisasjonen Folkebevægelsen mod EU hadde 1. desember, kor dei delte ut Lisboatraktaten i gåve til tilfeldige danskar, under slagordet Lisboatraktaten, julegaven du ikke ønsker.

For å lesa meir om ting som har blitt skreve her tidlegare: Klikk på Lisboatraktat-merkelappen under dette innlegget. Om du vil lesa ein litt lengre tekst kan eg tilrå “Lisboatraktaten sine globale ambisjonar“, av Nei til EU sin kunnskpasrike utreiingsleiar Morten Harper.





Islandseminar på Nei til EU-landsmøte

28 11 2009

Denne helga er eg på landsmøte i Nei til EU. Det er eit ganske udramatisk landsmøte, utan dei store konfliktane. Den mest spanande røystinga så langt har vore om kor vidt forbodet mot replikk etter strek skulle opphevast. Men det er sjølvsagt mange kloke folk og gode innlegg.

Midt på laurdagen er det pause i sjølve møtet. Det er fleire parallelle seminar, eg er på seminaret om Island. Det er ein heil gjeng islendingar som er på landsmøtet som gjester frå Nei til EU sin systerorganisasjon på Island, Heimssyn. Når dei held føredrag snakkar dei eit slags skandinavisk blandingsspråk, midt mellom norsk, dansk, svensk og islandsk, som er overraskande forståelege.

Islandsk ja-side hadde håpa at søknaden skulle handsamast medan Sverige hadde formannskapen i unionen. Det kjem ikkje til å skje. Han blir diskutert på EU-toppmøtet i mars. Spania tek over formannskapet, ingen er i tvil om kva som er Spania sin agenda når det gjeld Island. Leiinga i Heimsyn trur difor at det kan ta tid før tingingane kjem i land.

Representantane frå Heimsyn argumenterer for at krisa på Island er alvorleg, men ikkje katastrofal.  Ting er sjølvsagt mykje verre en før krisa. Men arbeidsløysa er under 8 %, under snittet i EU-sona. Den svake krona hjelp no Island, gjer varene billigare og fører fleire turistar til sagaøya. Det er ikkje store suppekjøkkenkøar og rein naud, men folk har mindre kjøpekraft enn før.

Då krisa var på det verste var det 90% ja. No er det rundt 60% nei på meiningsmålingane, men mange er framleis i tvil. Spesielt euro er eit argument mange nyttar for medlemskap. Men det er eit søkt argument. I fylje ein ny rapport frå sentralbanken på Island er det 30 år til Island kan oppfylla konvergenskriteria for euroen. Euroen kan altså ikkje løysa krisa på Island, ei løysing på krisa er ein føresetnad for å få innføra euroen.

Det som overraska meg mest, er at det framleis er aktuelt at den islandske regjeringa fell på Icesave-saka. Spørsmålet om kor vidt Island skal betala for pengar som britar og nederlendarar tapte då bden oppblåste banken gjekk konkurs splittar parlamentet i to. Om nokre dagar kan regjeringa bli nedstemt, og falla. Då er det mulegheit for at det blir danna ei ny regjering, som trekk attende EU-søknaden. Sosialdemokratane er det einaste klare ja-partiet, og utan dei i regjering kan søknaden bli trukke tilbake. Eit anna alternativ er at det blir danna eit Forretningsministerium, altså ei upolitisk regjering.

Heimssyn har no 2000 medlemmar, som er ganske mange i eit land med 300 000 innbyggarar. Dei er dessutan i ferd med å binda opp ei ungdomsrørsle. Representantane for Heimssyn og den islandske nei-sida var i kvart fall ganske optimistiske på vegne av seg sjølve og Island.

Så held møtet fram med budsjett og arbeidsplanen og greier og greier. Og stadig nye kulturinnslag.





Spanande initiativ mot Datalagringsdirektivet

3 11 2009

Det er ikkje kvar dag det blir starta ein ny politisk organisasjon i Norge, men i dag skjer det. Det blir danna ein organisasjon som skal jobba mot at Datalagringsdirektivet blir innført i Noreg.

Eg meiner at debatten om datalagringsdirektivet fyrst og fremst bør handla om datalagringsdirektivet, ikkje om EU eller EØS. Dette er fyrst og fremst viktig for å ha nokon sjanse til å vinna saka fordi:

  • Skal direktivet stoppast, må vetoretten i EØS-avtalen nyttast.
  • Skal vetoretten nyttast, må eit fleirtal på Stortinget stemma for det.
  • Skal eit fleirtal stemma for det må ein god del av AP og H sine stortingsrepresentantar stemma for, stort sett alle desse er for EØS, og dei fleste er for EU.
  • For at dei skal gjera det må ikkje det å stemma mot Datalagringsdirektivet oppfattast som å stemma mot EU eller EØS.

Kva skal til for å få saka om direktivet til å handla om direktivet, og ikkje om EU? Fyrst og fremst er det viktig at det ikkje fyrst og fremst blir nei-folk som frontar saka. Politisk handlar det om at ikkje berre dei mest rabiate nei-partia SV og SP frontar saka. Sånn sett er det veldig positivt at dette initativet er så breidt, og at det ser ut til å vera ein fin balanse mellom ja-folk, nei-folk og folk som ikkje tidlegare har hatt noko synleg engsjement i EU-politiske spørsmål i det føreslåtte styret. Balansen mellom høgresida og venstresida er òg fin.

Ein annan spanande ting med dette iniativet er at det trekk med seg folk frå media, teknologi og juss-miljøet, miljø som til vanleg har ein tilsynelatande høg terskel for å engasjera seg i kontroversielle politiske spørsmål.

Sjølv om debatten bør dreia seg om kor vidt direktivet er bra eller dårleg er det ikkje til å komma vekk frå at debatten heng saman med EU. Det er på grunn av EØS av direktivet kjem til Noreg (sjølv om visse parti i Noreg lett kunne ha kokt i hop liknande framlegg sjølve). Av omsyn til breidda i arbeidet mot direktivet er det ingen grunn til at me som er mot EU og EØS akkurat no når saka skal avgjerast skal bruka direktivet som eit døme på kor fælt EU eller EØS er.

I tillegg vil tilhengarane av direktivet truleg argumentera med at bruk av veto vil trua EØS (og, impslitt, at det er negativt). Difor trur eg initiativtakar (og ja-mann) Lars Henrik Michelsen har heilt rett når han seier at det blir viktig å ” Motbevise påstanden om at reservasjon mot datalagringsdirektivet vil truge EØS-avtalen.”

At vetoretten kan nyttast mot dette direktivet utan at EØS fell saman er ikkje automatisk eit argument for at vetoretten nyttast mot kva direktiv som helst. Datalagring er nemleg ganske langt vekke frå kjerneprinsippa i EØS (fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft). Difor kan folk som generelt er skeptiske til bruk av vetoretten fint argumentera for at det er greitt å bruka veto mot datalagringsdirektivet utan at dei treng å vera for veto mot tenestedirektivet eller postdirektivet.

Så blir det spanande å sjå om tilhengarane av direktivet greier å komma opp med nokon gode argument framover. I det siste har i kvart fall justisministeren starta med å argumentera litt for direkitvet, i staden for å berre sitta musestille og håpa at debatten skal forsvinna.

Om du stør kravet om reservasjon, kan du skriva under på lista.





Overraskande EU-måling

19 10 2009

I dag bringer Nationen og Klassekampen ei EU-måling kor neisida berre har 4,2% meir oppslutnad enn ja-sida. Nei-sida har faktisk ikkje hatt så låg oppslutnad sidan mai 2005, før det franske nei-et til EU-grunnloven.

Leiar i Europarørsla, Paal Frisvold, er ute med sine forklaringar, som er ikkje heilt forstår.” Jeg tror dette har noe å gjøre med at vi er kjølvannet av en valgkamp som har øket den politiske bevisstheten blant det norske folk” seier han til Nationen. Så ja-folk er altså meir politisk medvitne enn nei-folk? Nei, den må du lengre ut på landet med. Om det finnst noko forklaring på dette utlaget kan det vera at eit klart fleirtal i den irske folkerøystinga stemte ja til Lisboatraktaten.

Valkampen viste oss at meiningsmålingar ikkje er ein eksakt og alltid heilt korrekt vitskap. På slutten kom det fleire målingar til dagen, og dei hadde ikkje alltid dei same utviklingstrekka. Ingen målingar viste til dømes at V skulle falla under sperregrensa, få viste så sterk KrF-tilbakegang og så svak FrP-framgong som resultatet blei. Det vil sei at me ikkje kan stola på at einkvar måling til ei kvar tid vil spegla nøyaktig av folkemeininga. Dette gjeld anten einskildmålingen viser ja eller nei-framgong.

Skulle avstanden mellom blokkene halda seg på 0-5% i staden for 10-15% på dei neste målingane òg, kan me nok likevel seia at det har skjedd eit skifte. Difor blir det ekstra spanande å sjå neste måling, som kjem om ein månad.

Bli med i Nei til EU

Uansett er denne type målingar ein vekkar. Dei understrekar kor viktig det er å jobba aktivt for å halda Noreg utanfor EU. Om du er ein av dei som fekk morgonkaffien i halsen av denne nyheita må du skynda deg å melda deg inn i Nei til EU, eller Ungdom mot EU. Nei til EU har eit mål om å bli 30 000 betalande medlemmar i løpet av 2009. No har me passert 29 000. Med di hjelp kan målet nåast. Jo sterkare nei-sida sine organisasjonar er, jo betre rusta står me ved ein eventuell omkamp.





EU i Soria Moria II

7 10 2009

No legg regjeringa fram plattformen sin. Kva står det om EU-politikk der?

”Ikke søke om norsk EU-medlemskap”

Hurra. Fire nye år, utanfor EU!

”Føre en aktiv Europa-politikk, jobbe målrettet for å ivareta norske interesser i

forhold til EU”

Dette er vel alle samde om?

”Nedsette et forskningsbasert, bredt sammensatt offentlig utvalg som skal

foreta en grundig og bredest mulig gjennomgang av EØS-avtalen og

konsekvensene av avtalen på alle samfunnsområder”

Her burde det ha stått ”konsekvensene av og alternativene til”. Men hurra for at det står at det skal vera forskningsbasert og breidt samansett offentleg utval.

”Vil bygge videre på Schengen-samarbeidet”

Trist. Verre enn i Soria Moria I, kor det stod at ein skulle bygga vidare på òg evaluera.

”Dersom andre virkemidler strander, vil

regjeringen vurdere å bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen hvis særlig viktige

norske interesser trues av rettsakter som planlegges innlemmet i EØS-avtalen. ”

Prinsippielt fin avklaring, men ikkje noko forpliktande.

”Arbeiderpartiet vil implementere datalagringsdirektivet forutsatt at det i

utredningen ikke framkommer klare negative konsekvenser for personvernet.

Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil av personvernmessige hensyn gå

mot implementering av EUs datalagringsdirektiv i norsk rett. SVs og SPs

statsråder og stortingsrepresentanter stilles fritt i denne saken.”

Dette er jo rett og slett sjølvmotseigande frå AP. Korleis i all verda kan implementering av Datalagringsdirektivet ikkje ha klare negative verknadar for personvernet? Honnør til SV og SP, men skal det ha noko å sei i praksis må dei få med seg storebror.

Postdirektivet

“Utsette implementeringen av EUs tredje postdirektiv. Vi vil innhente

kunnskap og utrede konsekvenser av en eventuell implementering av

direktivet.”

Dette er veldig bra! Det beste ein kunne få. Ei heilt anna formulering enn på Datalagringsdirektivet.

Her kan du lesa sjølve blekka.





Irland stemmer igjen

3 10 2009

I går stemte Irland omigjen om Lisboatraktaten.

Irland  var det einaste landet som hadde folkerøysting om traktaten, som vil gje EU endå meir makt over medlemslanda. Dei stemte nei i fjor. I dei andre landa vilel folekt ha folkerøystingar, men fekk det ikkje, toppolitikarane tredde Lisboatraktaten ned over hovuda deira utan folkerøysting.

Resultatet av det irske nei-et burde vore endringar i traktaten (sidan EU-reglane krev at nye traktatar må vedtakast samrøystes), eller permanentet unntak for Irland, sånn Danmark fekk då dei stemte nei til maastricht i 1992 (Euroen, EU-hæren, unionsborgarskapet og deler av justispolitikken) Men den gong ei. I staden må irane stemma om igjen om den same traktaten. Det einaste dei har fått er ei erklæring utan juridisk verid kor EU-landa seier det same som ja-sida i Irland sa før fyrste folkerøystinga, nemleg at abortpolitikk og skatepolitikk og nøytralitet ikkje skulle påverkast.  Denne saka styrker ikkje akkurat EU sin demokratiske legitimitet. Det er ikkje serleg fristande å melda seg inn i ein union som i så stor grad overkøyrer små medlemsland.

Eg synst at norske media (dei fleste I kvart fall) dekker saka for lite og for tabloid. Vil du lesa meir om debatten kan du ta ein kikk i Irish Times, ei irsk ja-avis, eller på Euobserver.com, ein nyhendeportal om EU. Du kan òg trykka på Irland-merkelappen her på bloggen, så får du alle innlegg som er skreve om emnet, mellom anna rapportar frå valkampen i fjor. UmEu-bloggen skriv òg om saka

Resultatet blir ikkje klart før laurdag ettermiddag. Det er fordi oppteljinga ikkje startar før i morgon tidleg kl ni. Eg kryssar fingrane for nei, men trur at EU og den irske ja-sida har greidd å skrema mange nok til å stemma ja til at det blir fleirtal for. Det trur eg NTB i Dagbladet og VG.

Oppdatert: Som venta blei det ja. Dette er ein skitten siger for EU-systemet, men dei feirar nok i Brussel i dag.

No er det berre to håp igjen for å stoppa Lisboatraktaten: Eit regjeringsksifte i Storbrittania kor dei EU-kritiske toryane kjem til makta (dei leier suverent på målingane), eller at den tsjekkiske presidentet sett seg på bakbeina. Ingen av desse utvegane er sannsynlege. Toryane kjem truleg til makta, men etter at Lisboa har trådd i kraft. Og den tsjekkiske presidenteten tør neppe, og har berre delvis mandat til, å blokkera ratifiseringa.

Om Lisbaotraktaten trer i kraft blir EU endå meir sentralstyrt, og frif-lyt-logikken blir endå meir fastlåst. Dette bør gjera norsk medlemskap endå mindre aktuelt enn i dag.





75% gratiskvoter

22 09 2009

stoltenberg
Ja-sida hyllar stadig vekk EU som eit miljøprosjekt. Dette glansbilete slår stadig sprekker. Samstundes som verdas leiarar samlast til klimatoppmøte vedtek EU å dela ut tre av fire klimakvoter gratis, òg etter 2012.

Det melder ABC-nyheter i dag. Grunnen til vedtaket er frykt for at om det kostar meir å forureina vil industrien flytta ut til andre land. Truleg har finanskrisa medverka sterkt til vedtaket. Konsekvensen blir at dei fleste industriane får gratis kvoter, noko som er i strid med prinsippet om at ureinaren skal betala.

Stoltenberg liknar i dag klimapolitikk med å ha selja bongar på fest. Problemet med EU sin politikk no er at bongane blir gratis, og det er ikkje alltid med på å dempa forbruket.

Noreg har vald å bli ein del av EU sitt kvotesystem. Samstundes har stortingsfleirtalet vedteke å dela ut færre gratiskvoter enn EU, og at det frå 2012 ikkje skal delast ut nye gratiskvoter. Spørsmålet er om dei no står bak vedtaket, eller om dei ikkje tør vera grønare enn EU.

Det er ingen tvil om at EU, trass alle feil og manglar, er ein viktig aktør i klimaforhandlingane. Tradisjonelt sett har EU òg spelt ein positiv rolle, spesielt samanlikna med USA under Bush junior. Kvifor meiner eg så likevel at det er best for klimaet at Noreg held seg utanfor EU?

Utanfor EU kan Noreg spela ein meir aktiv rolle, fordi me ikkje treng å fylja EU sin felles politikk. Denne politikken vil ofte vera eit kompromiss mellom miljøvenlege og miljøfiendtlege krefter. Det avgrensa medlemslanda sin fridom til å komma med miljøradikale framlegg som trengst for å føra forhandlingane vidare.

Dessutan kan me velja å føra ein strengare politikk på eiga hand, som til dømes gjennom å dela ut færre gratiskvoter enn det EU no har avgjort at dei vil.





Høybråten svarar (nesten) om datalagringsdirektivet

4 09 2009


Ei av dei viktigaste EU-relevante sakane eit nytt Storting skal ta stilling til er EU sitt Datalagringsdirektiv.

Det finst tre parti som heilt klart går inn for veto mot datalagringsdirektivet. Det er Venstre, SV og SP. Klapp for dei! Og om datalagringsdirektivet er ei viktig sak for deg, bør du kanskje vurdera å stemma på eit av dei.

Vidare er det to parti som har ein veldig kritisk profil, men så vidt eg kan sjå ikkje har forplikta seg klart. Det er KrF og FrP.

FrP har eit LS-vedtak på at dei er for veto. Samstundes har Siv Jensen, sånn eg oppfattar det, meir eller mindre gått ut og avlyst vedtaket. Likevel har dei fleste av FrP sine kandidatar svart i undersøkinga at dei er for veto, og frå tid til annan kjem det utspel som går på det same.

I KRF har alle kandidatane tydelegvis fått melding om å svara Veit ikkje på spørsmålet om kva dei meiner. Det er for så vidt greitt nok, så lenge partiet tydelegvis har vedteke at dei så langt ikkje har vedteken nokon konkret politikk på dette emnet. KrF har i andre saker vore opne for å bruka vetoretten som ligg nedfelt i EØS-avtalen.

Difor har somme på neisida blitt litt skuffa over partiet si uklare haldning i denne saka. Samstundes har partiet heller ikkje gått mot veto, og det er håp i hangande snøre. Difor sendte Nei til EU eit brev  til KrF kor dei spurde kva partiet meinte. No har dei fått eit hyggeleg svar, frå Dagfinn Høybråten. Han slår fast at partiet ser mørkt på innhaldet i direktivet, men har ikkje endeleg konkludert i om dei vil bruka vetoretten. Ein grunn til at det kan vera vanskeleg for KrF å forplikta seg til å gå for veto er at dei vil regjera i lag med Høgre ( på den andre sida gjeld det òg V, som er veldig klart for veto). Eg håpar i kvart fall at KrF landar på rett standpunkt, som dei så ofte gjer i EU-relevante sakar.

Vidare er det to parti som ser ut til å gå inn for direktivet, eller i kvart fall gå imot veto. Det er, ikkje overraskande, dei same partia som alltid seier ja og amen til mesteparten av det som kjem frå Brussel, AP og Høgre. Om du er mot datalagringsdirektivet bør du tenka deg om minst to gonger før du stemmer på dei (Men nokre få av AP sine kandidatar har svar at dei er for veto). Så sant dei ikkje får fleirtal saman i det nye stortinget er det ein god sjanse for veto mot dette direktivet.

Les meir på Nei til EU si temaside om datalagringsdirektivet. Les også kva dei ulike stortingskandidatane svarar om direktivet i Nei til EU si kandidatundersøking.