
Eit av høgdepunkta på Ungdom mot EU sin sommarleir i år var innleiinga til vår irske gjest frå Peoples Movement på Irland. Den raudhåra og fregnefullte iren var ikkje i tvil om at det kom til å komma ei ny irsk folkerøysting om Lisboatraktaten, og sa at førebuingane til nei-sida allereie var i gang.
Den hyperaktive franske president Sarkozy vil og ha ein ny folkerøysting. I Irland vel og merka. I Frankrike, som stemte nei til EU-grunnloven i 2005, vil han ikkje ha ny folkeavstemning om Lisboatraktaten, som i praksis inneheld over 90% av EU-grunnloven. Den blir ratifisert i det franske parlamentet, utan å spør folket. Kanskje den franske presidenten burde vera litt mindre oppteken av irske folkerøystingar og litt meir oppteken av å lytta til sitt eige folk.
No viser ei ny måling at 3 av 4 irar ikkje vil ha ei ny folkerøysting. Det er strengt tatt ikkje overraskande, fordi ei ny folkerøysting vil vera eit klart signal om at folket stemte feil sist gong, og må stemma på ny og på ny heilt til dei stemmer “rett”. Sånn funkar altså EU-”demokratiet”.