I 2008 stemte irane, som einaste EU-land, om Lisboatraktaten. Dei stemte nei. EU meiner at dei stemte feil, og no blir det ei ny folkerøysting. Sånn er det i EU-saka. Om folket stemmer feil, altså nei, får dei ein ny sjanse til å stemma rett.Vil du ikkje, så skal du.
Kva er Lisboatraktaten? Nesten det same som EU-grunnloven, som innbyggarane i Nederland og Frankrike stemte nei til i 2005, (og Spania og Luxembourg stemte ja).
Etter nei-a blei dei planlagte folkerøystingane i andre land (Storbritannia, Danmark, Tsjekkia og fleire tradisjonelt EU-kritiske land avlyste, og EU tok det dei kalte ein tenkepause. EU-grunnloven skifta namn til Lisbaotraktaten, og EU-symsbola blei tekne ut av han. Resten av innhaldet er stort sett det same. EU skal få meir makt over medlemslanda, dei store landa skal få meir makt samanlikna med dei små, og EU skal fåe in meir samla utanrikspolitikk.
Alle regjeringane blei samde om å ikkje ha folkerøystingar om den nye traktaten. Dei einaste som ikkje slapp unna var Irland, fordi den nasjonale grunnloven pålegg folkerøystingar i denne type sakar. Trass i at alle partia utanom eit, og store deler av den politiske eliten var for Lisboatraktaten, blei han nedstemt i 2008. No blir det altså omkamp.
Irland har fått nokre ”garantiar” som grovt sett berre slår fast det den irske regjeringa alltid har påstått om traktaten, men som ikkje har nokon juridisk vekt førebels. Det er altså ikkje tale om den type unnatak som danskane fekk etter nei-et til Maastricht.
Kjem tilbake seinare med ei analyse av garantiane og kva effekt dei kan ha på debatten.
Er det noe som virkelig stinker, så er det den måten de her bare overkjører folkets vilje. Demokrati? Bah! Humbug. Frekke arrogante slimfisker av noen politikere ratter glatt over hva folket mener. Gordon Brown og Nicholas Sarkoszy er ekstra ille men også Angela Merkel og den irske paddemannen ligger ikke langt etter i løypa.
Det de holder på med er ren svindel. Det ble oppdaget et internt notat fra Merkel om at de skulle flytte teksten litt rundt men at det i praksis var akkurat den samme fella som EU-grunnloven.
Det å ikke la sine borgere stemme over å gi fra seg landets suverenitet må da være grunnlovsstridig? For et ormebol det EU-parlamentet er. Banditter. Fysj!