Det er ikkje kvar dag det blir starta ein ny politisk organisasjon i Norge, men i dag skjer det. Det blir danna ein organisasjon som skal jobba mot at Datalagringsdirektivet blir innført i Noreg.
Eg meiner at debatten om datalagringsdirektivet fyrst og fremst bør handla om datalagringsdirektivet, ikkje om EU eller EØS. Dette er fyrst og fremst viktig for å ha nokon sjanse til å vinna saka fordi:
- Skal direktivet stoppast, må vetoretten i EØS-avtalen nyttast.
- Skal vetoretten nyttast, må eit fleirtal på Stortinget stemma for det.
- Skal eit fleirtal stemma for det må ein god del av AP og H sine stortingsrepresentantar stemma for, stort sett alle desse er for EØS, og dei fleste er for EU.
- For at dei skal gjera det må ikkje det å stemma mot Datalagringsdirektivet oppfattast som å stemma mot EU eller EØS.
Kva skal til for å få saka om direktivet til å handla om direktivet, og ikkje om EU? Fyrst og fremst er det viktig at det ikkje fyrst og fremst blir nei-folk som frontar saka. Politisk handlar det om at ikkje berre dei mest rabiate nei-partia SV og SP frontar saka. Sånn sett er det veldig positivt at dette initativet er så breidt, og at det ser ut til å vera ein fin balanse mellom ja-folk, nei-folk og folk som ikkje tidlegare har hatt noko synleg engsjement i EU-politiske spørsmål i det føreslåtte styret. Balansen mellom høgresida og venstresida er òg fin.
Ein annan spanande ting med dette iniativet er at det trekk med seg folk frå media, teknologi og juss-miljøet, miljø som til vanleg har ein tilsynelatande høg terskel for å engasjera seg i kontroversielle politiske spørsmål.
Sjølv om debatten bør dreia seg om kor vidt direktivet er bra eller dårleg er det ikkje til å komma vekk frå at debatten heng saman med EU. Det er på grunn av EØS av direktivet kjem til Noreg (sjølv om visse parti i Noreg lett kunne ha kokt i hop liknande framlegg sjølve). Av omsyn til breidda i arbeidet mot direktivet er det ingen grunn til at me som er mot EU og EØS akkurat no når saka skal avgjerast skal bruka direktivet som eit døme på kor fælt EU eller EØS er.
I tillegg vil tilhengarane av direktivet truleg argumentera med at bruk av veto vil trua EØS (og, impslitt, at det er negativt). Difor trur eg initiativtakar (og ja-mann) Lars Henrik Michelsen har heilt rett når han seier at det blir viktig å ” Motbevise påstanden om at reservasjon mot datalagringsdirektivet vil truge EØS-avtalen.”
At vetoretten kan nyttast mot dette direktivet utan at EØS fell saman er ikkje automatisk eit argument for at vetoretten nyttast mot kva direktiv som helst. Datalagring er nemleg ganske langt vekke frå kjerneprinsippa i EØS (fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft). Difor kan folk som generelt er skeptiske til bruk av vetoretten fint argumentera for at det er greitt å bruka veto mot datalagringsdirektivet utan at dei treng å vera for veto mot tenestedirektivet eller postdirektivet.
Så blir det spanande å sjå om tilhengarane av direktivet greier å komma opp med nokon gode argument framover. I det siste har i kvart fall justisministeren starta med å argumentera litt for direkitvet, i staden for å berre sitta musestille og håpa at debatten skal forsvinna.
Om du stør kravet om reservasjon, kan du skriva under på lista.
I dag bringer 


Dette kontrollorganet passar på at Noreg fyljer EØS-reglane. I mange samanhengar er det ei overivrig gneldrebikkje, som legg seg oppi stort og smått . Den noverande regjeringa har i fleire tilfelle latt vera å hoppa så snart ESA seier hopp. Det gjeld til dømes i saka om miljøavgift på eingongsemballasje, heimfallsrett til vasskraft og i spørsmål om sosial dumping. Om Høgre får viljen sin vil Noreg langt meir lojalt fylja opp ESA sine meldingar. Kan det vera det Høgre meiner med fridom?
Eg vil ikkje blanda meg oppi debatten om kven som allmennt har mest (eller minst) 