I dag bringer Nationen og Klassekampen ei EU-måling kor neisida berre har 4,2% meir oppslutnad enn ja-sida. Nei-sida har faktisk ikkje hatt så låg oppslutnad sidan mai 2005, før det franske nei-et til EU-grunnloven.
Leiar i Europarørsla, Paal Frisvold, er ute med sine forklaringar, som er ikkje heilt forstår.” Jeg tror dette har noe å gjøre med at vi er kjølvannet av en valgkamp som har øket den politiske bevisstheten blant det norske folk” seier han til Nationen. Så ja-folk er altså meir politisk medvitne enn nei-folk? Nei, den må du lengre ut på landet med. Om det finnst noko forklaring på dette utlaget kan det vera at eit klart fleirtal i den irske folkerøystinga stemte ja til Lisboatraktaten.
Valkampen viste oss at meiningsmålingar ikkje er ein eksakt og alltid heilt korrekt vitskap. På slutten kom det fleire målingar til dagen, og dei hadde ikkje alltid dei same utviklingstrekka. Ingen målingar viste til dømes at V skulle falla under sperregrensa, få viste så sterk KrF-tilbakegang og så svak FrP-framgong som resultatet blei. Det vil sei at me ikkje kan stola på at einkvar måling til ei kvar tid vil spegla nøyaktig av folkemeininga. Dette gjeld anten einskildmålingen viser ja eller nei-framgong.
Skulle avstanden mellom blokkene halda seg på 0-5% i staden for 10-15% på dei neste målingane òg, kan me nok likevel seia at det har skjedd eit skifte. Difor blir det ekstra spanande å sjå neste måling, som kjem om ein månad.
Bli med i Nei til EU
Uansett er denne type målingar ein vekkar. Dei understrekar kor viktig det er å jobba aktivt for å halda Noreg utanfor EU. Om du er ein av dei som fekk morgonkaffien i halsen av denne nyheita må du skynda deg å melda deg inn i Nei til EU, eller Ungdom mot EU. Nei til EU har eit mål om å bli 30 000 betalande medlemmar i løpet av 2009. No har me passert 29 000. Med di hjelp kan målet nåast. Jo sterkare nei-sida sine organisasjonar er, jo betre rusta står me ved ein eventuell omkamp.




Dette kontrollorganet passar på at Noreg fyljer EØS-reglane. I mange samanhengar er det ei overivrig gneldrebikkje, som legg seg oppi stort og smått . Den noverande regjeringa har i fleire tilfelle latt vera å hoppa så snart ESA seier hopp. Det gjeld til dømes i saka om miljøavgift på eingongsemballasje, heimfallsrett til vasskraft og i spørsmål om sosial dumping. Om Høgre får viljen sin vil Noreg langt meir lojalt fylja opp ESA sine meldingar. Kan det vera det Høgre meiner med fridom?