Tåkete Høgrevedtak om Datalagringsdirektivet

5 09 2010

Det var på førehand knytt ganske stor spenning til Høgre sitt sentralstyremøte i helga, som skulle avklara partiet si haldning til EU sitt datalagringsdirektiv, basert på høyringsprosessen som har vore gjennomført i lokal- og fylkeslag. Som mange media tidlegare har skreve har høyringssvara vist eit klart fleirtal mot direktivet, basert på prinisippielle synspunkt om personvern.

I denne saka sitt Høgre, trass ei raudgrøn fleirtalsregjering, med makta til å vippa fleirtalet i Stortinget. REgjerignsplattforma opnar for at SP og SV kan stemma annleis enn AP. Dei to regjeringspartia er klart mot direktivet, medan storebror AP ser ut til å vera for, sjølv om det naturlegvis finst nokre motstandarar der òg. V, KrF og FRP er mot. Høgre har tidlegare signalisert skepsis – både til direktivet og til å bruka vetoretten.

Eg legg liksågreitt ut pressemeldinga som partiet sjølve har lagt ut på nettsida si etter sentralstyremøtet, så kan folk tolka det korleis dei vil.

Høyres høringsrunde vedrørende datalagringsdirektivet (DLD) viser at partiet er klart mot innføring av datalagringsdirektivet slik Regjeringens høringsutkast er utformet. Resultatet av partihøringen er i dag behandlet i Høyres sentralstyre.

– Dette er en komplisert sak. Derfor skal partiet og stortingsgruppen jobbe videre med den frem mot Stortingets behandling. Høyre er opptatt av å finne en god balanse mellom et sterkt personvern og politiets mulighet til å bekjempe alvorlig kriminalitet. Sentralstyret i Høyre ønsker derfor å holde to muligheter åpne, sier leder i Høyre, Erna Solberg.

Det ene alternativet innebærer en sterkt omarbeidet implementering av datalagringsdirektivet som Høyre kan godta. Det andre alternativet er en nasjonal lovgivning som ivaretar politiets behov for å kunne bekjempe alvorlig kriminalitet.

– Jeg kommer til å sende et brev til Regjeringen hvor vi ber om at den utreder et alternativt nasjonalt lovverk, og konsekvensene for deler av EØS-avtalen dersom Norge sier nei til EU-direktivet, sier Solberg.

– Høyres behandling av saken viser at vi er imot regjeringens høringsutkast om gjennomføringen av datalagringsdirektivet. Jeg forutsetter at regjeringen er villige til å imøtekomme våre krav om utredninger, og de kravene vi kommer til å stille om styrket personvern i en fremtidig stortingsbehandling, sier Solberg.

Høyres sentralstyres vedtak i forbindelse med partihøring 3/2010 om datalagringsdirektivet:


1. Sentralstyret tar oppsummeringen av partihøring 3/2010 til orientering.

2. Høringen bekrefter at Høyre er klar motstander av datalagringsdirektivet slik Regjeringens høringsutkast er utformet.

3. Høyre ber Regjeringen, parallelt med arbeidet med saken om implementering av datalagringsdirektivet, utrede en nasjonal lovgivning som ivaretar politiets behov for tilgang til trafikkdata innenfor rammene av et sterkt personvern.

4. Høyre ber Regjeringen også gi klare svar og utredninger på konsekvensene av at EØS-avtalens vedlegg om telekommunikasjon eventuelt suspenderes fra EØS-avtalen.

5. Sentralstyret viser til Høyres Landsmøtevedtak med krav om betydelig styrking av personvernet dersom datalagringsdirektivet implementeres. Høyre vil arbeide videre med dette.

Mi tolking er:

a) At partihøyringa viste brei motstand mot direktivet på grasrota gjer at høgre-leiinga ikkje kan gå inn for direktivet utan vidare. Difor blir det skissert ei rad ulike løysingar (nasjonal lovgjeving, andre skadelindrandre tiltak, utsetting til EU har evaluert sitt direktiv).

b) Gjennom å spela ballen tilbake til regjeringa (i denne saka AP) og retta mykje av kritikken mot regjeringa sitt høyringsbrev prøver Høgre å skora innanrikspolitiske poeng og generelt gje Jens&Jonas skylda/æra for eit eventuelt veto mot direktivet. Eg tykkjer  det er litt usakleg å fokusera så mykje på regjeringa i denne saka, spørsmålet er kor vidt Noreg skal vedta ein norsk lov som inneheld dei same prinsippa som DLD eller ikkje. Når så mange har engasjerte seg i denne saka er det på bakgrunn av innhaldet i DLD, ikkje på bakgrunn av kva som står og ikkje står i eit høyringsbrev frå regjeringa.

c) Det sitt utruleg langt inne for Høgre å bruka vetoretten. Det heng naturleg nok saman med deira rolle som det fremste Ja-til-EU-partiet i Noreg. I EU-debatten har dei generelt nekta for at vetoretten er reell, og lagt vekt på at EØS-avtale = EU-medlemskap utan stemmerett. Ved å medverka til å bruka vetoretten vil dei visa at han faktisk kan brukast i visse situasjonar. Så vil eg skynda meg å legga til at eg trur EU-tilhengarar skapar vel så mykje ris til eigen bak ved å stemma for ting dei er imot, berre fordi det kjem frå EU. Om Ja-partiet Høgre faktisk gjekk inn for veto i denne saka ville dei styrka tryverdet sitt når dei seier at dei vil inn i EU for å påverka (ikkje berre jatta med, som det elles kan sjå ut som dei driv med).

Alt i alt vil eg nok sei at vedtaket er ein siger for direktivmotstandarane, om enn ikkje like stor som han brude ha vore. Når landsmøtet i eit parti seier «saka skal på høyring i organisasjonen», og høyringa syner klart fleirtal mot, burde det vera enkelt og greitt å seia nei. Men sidan dette dreier seg a) om ei EU-relatert sak og b) og Høgre er det nok ikkje sånn, og ein endar opp med eit noko uklart vedtak. Helgas vedtak vil likevel gjera det vanskelegare å innføra direktivet i Noreg. Det blir spanande å sjå kva AP kjem opp med no.

(Om du ikkje allereie har skreve under mot datalagringsdirektivet bør du gjera det på www.stoppdld.no)





Det svenske valet og euro-spørsmålet

29 08 2010

Om nokre små veker er det val i Sverige. Blir det meir eller mindre sannsynleg at Sverige innfører Euro om det blir regjeringsskifte?

Sverige er i dag styrt av ei høgreorientert regjering, den såkalla alliansen. Her sitt alle dei fire svenske borgarlege partia. Det suverent største og sterkaste er dei såkalla Moderaterne, som er systerpartiet til Høgre. Dei har mellom anna stats-, finans- og utanriksministeren. I tillegg sitt dei tre mindre partia Kristendemokatene (KrF), Folkepartiet (venstre) og Centerpartiet (høgrevridd utgåve av SP).

Opposisjonen har etter norsk modell danna eit raud-grønt samarbeid. Sosialdemokratane (AP) dominerer her, men tillegg er Miljøpartiet og Vänsterpartiet med. Vänstern er ein noko meir venstreradikal utgåve av SV, men har ikkje den same sterke grønefarga som sitt norske systerparti. Miljøpartiet er sentrumsorientert i høgre-venstre-spørsmål, og som namnet røpar har dei ein sterk miljøprofil.

Heilt sidan før EU-medlemskapet i 1994 har alle dei svenske riksdagspartia vore for EU, utanom MP og V. MP har nyleg delvis snudd, i den forstand at dei ikkje lengre er for svensk utmelding. Samstundes som dei er sterkt kritiske til mykje av EU sin politikk og struktur og jobbar mot meir maktsentralisering i Brussel. V er for utmelding, men har gått med på å regjera utan å stilla ultimatum i denne saka. Dette viser at same kva regjering det blir, vil utmelding av unionen ikkje stå på agendaen.

Eit langt meir aktuelt spørsmål er spørsmålet om tilknytting til Euroen, EU si felles valuta. Sverige hadde folkerøysting om dette i 2003. Eit klart fleirtal stemte nei, sjølv om alle riksdagspartia utanom V, MP og CP var for. I denne saka stod altså EU-tilhengarane i Centerpartiet saman med EU-kritikarane i V og MP. Samstundes var deira argumentasjon mindre prinsipiell, og meir basert på at Euroen var noko nytt og ukjent, som ikkje hadde blitt testa, og at den svenske økonomien på det tidspunktet fungerte betre enn eurolanda. Til valet i 2010 seier dei at finanskrisa har aktualisert debatten om valutaspørsmåla. Partiet ynskjer at regjeringa i kommande periode skal utreia fordeler og ulemper med euro. Partiet vil sjølve gjera ei tilsvarande utreiing. Dei seier korkje ja eller nei, og vil ta stilling til saka på eit landsmøte.  Du kan lesa om synet deira på nettsida til partiet.

MP og V har fleire og meir prinsippielle argument mot europen, i tillegg til dei reint samfunnsøkonomiske argumenta. Argumenta handlar om maktsentralisering, demokratisk underskot og problema med inflasjonsmålet framfor mål om lågast muleg arbeidsløyse. Dei har fått sosialdemokratane med på eit løfte om at det ikkje skal innførast euro i løpet av den fyrste perioda ei radugrøn regjering (eventuelt) sitt med makta.  ein grunn til det er at det finst ei sterk neiside internt i Sosialdemokratane, mellom anna satt det fleire euro-motstnadarar i Persson si regjering under avrøystinga i 2003. Les kva dei raudgrøne skriv om EU-politikk på si felles nettside.

Kort oppsummert vil eit skifte til raudgrøne regjering gjera det mindre sannsynleg med omkamp om euroen. Kor vidt ei attvald borgarleg regjering vil skriva ut ei ny folkerøysting kjem an på debatten internt i Centerpartitet, og utfallet av den eventuelle utreiinga. Så lenge målingane viser at fleirtalet av svenskane er mot euro vil uansett neppe jasida prøva seg på ein omkamp.

Nej till EU, ein svensk organisasjon, har ein del interessant stoff om EU og valet i Sverige på si nettside http://www.nejtilleu.se/





Bra EØS-utval, dårleg mandat

7 01 2010

Det har i lengre tid vore interne debattar mellom regjeringspartia om korleis løftet om ei utreiing om EØS skal oppfyllast. Eigentleg skulle utfallet offentleggjerast før jul, men det har blitt forsinka, truleg på grunn av intern usemje. No har både utvalet og samansetninga blitt offentleggjort.

Regjeringa ser ut til å ha greidd å setta saman eit breidt og fint utval som skal saumfara EØS-avtala og verknadane av henne. Utvalet er prega av ekspertar, men ein god del av dei har ei tydeleg forankring i andre miljø. Kampanjeorganisasjonane på ja- og neisida har ingen grunn til å vera misnøgde med at dei ikkje er teke direkte med. Dette utvalet vil, så vidt eg kan sjå, kunne levera

Leiaren av utvalet er Fredrik Seiersted. Så vidt eg veit er han EU-tilhengar, men ikkje blind for dei problematiske sidene ved EU-retten.  Han kjempa Noreg si sak som regjeringsadvokat i Heimfallssaka og speleautomatsaka, og har nok vunne ein del tillit i mange miljø på grunn av innsatsen sin der. Han har publisert mykje om EØS-rett.

Nestleiaren er jurist, næringslivsmenneske og tidlegare SP-statssekretær, Liv Monica Stubbholt.

Elles sitt det i utvalet fagpersonar som plar vera ganske så EU-glade, som Frank Årebrot, Helene Sjursen og FAFO-mannen Dølvik. Dag Seierstad er ein tilsvarande fagperson med nei-forankring som har fått plass i utvalet. I tillegg sitt det til alt hell òg ein del fagfolk som ikkje tidlegare har hatt noko profilert syn på EU.

Utvalet har fått i oppdrag å sjå på alle mulege slags konsekvensar av EØS. I formuleringane er det tydeleg å sjå formuleringar frå SP og SV, til dømes

” Eksempler på områder det kan være naturlig å utrede er bl.a. distriktspolitikk, demokrati på alle styringsnivå, nærings- og arbeidsliv samt forvaltning av naturressurser og miljø.” Vidare har SP fått gjennomslag for sin ide om at utvalet skal henta inn forskingsbidrag frå sør. Det er veldig positivt, og kan gje interessante perspektiv.

Hovudproblemet med mandatet er det som ikkje står der, nemleg at det ikkje står at ein skal utreia alternativ til EØS. Alle sider og posisjonar i EU-debatten burde vera interesserte i å få fram meir kunnskap om alternativa til EØS. Dei som er mot EU og mot EØS treng det for å komma nokon veg med den saka. Dei som er for EU burde innsjå at me ikkje kjem inn med det fyrste, og burde difor vera villige til å undersøka om EØS er den nest beste løysinga, eller om det finst andre måtar å ordna tilhøvet til EU på fram til me eventuelt ein gong i framtida skal inn. Dei som er for EØS og mot EU burde ha interesse i å få ei utreiing av alternativa. Om dei har tru på sitt eige standpunkt ville dei jo meina at ei sånn utreiing måtte ha konkludert med at EØS er det beste alternativet. Då ville EØS-tilhengarane stått mykje sterkare i debatten enn det dei gjer i dag, kor avtala blir kritisert av både ja –o g nei-sida.

Vonleg vil utreiinga føra til meir debatt om EØS, og det kan på sikt føra til auka interesse for alternativa. Det er vidare verdt å merka seg at utvalet skal jobba på ein utoverretta måte, og trekka inn organisasjonar og folk flest i arbeidet. Det står mellom anna at: ”Utvalget skal som ledd i sitt arbeid bidra til en åpen og inkluderende prosess gjennom seminarer, debattmøter mm.”

Les heile samansetninga

Les mandatet





Seniorforskarar…

21 12 2009

I ei ny måling går nei-sida fram, og ja-sida (littegrann) tilbake. Nei-leiinga er framleis noko mindre enn ho var på det største, men er i kvart fall over 10%.

Kommentarane til dette er: – Denne målingen styrker inntrykket av at ingenting av det som skjer utenfor Norge, påvirker vår holdning til EU. Det er vår egen pengebok som bestemmer, og så lenge vi har råd til å stå utenfor, blir vi der.

Nei, kommentaren  er ikkje frå leiar av Europarørsla, men frå Seniorforskar Arve Østgaard i Sentio, som har gjennomførd målinga. Eg kan ikkje unngå å hissa meg opp over denne type kommentarar. Undersøkinga gjer ikkje grunnlag for å sei dette.

Om det er nordmenn sin egoisme som gjer at me (i kvart fall eit fleirtal av oss) seier nei til Eu, korleis kan det så variera frå månad til månad? Egoisme er då ikkje noko som slår seg av og på, som brytaren på eit eller anna elektrisk apparat.

Eg kan ikkje seia noko sikkert om kva som gjer at nei-sida går fram på denne målinga. Det kan tenkast at det skyldast den ikkje akkurat opne og demokratiske utpeikinga av folk til topp-postane i EU, men samstundes er det nok mange som ikkje har fått med seg alt om denne prosessen. Det kan vera at alt fokuset på FN-toppmøtet om klima (som gjekk sørgjeleg dårleg), kor Noreg talte med ei sjølvstendig stemme, og kom med eigne framlegg, saman med Mexico. Som EU-medlem måtte me ha fulgt unionen sin felles politikk. Det kan sjølvsagt  òg tenkast at målinga er ein tilfeldig variasjon, eller at dei førre målingane viste for mykje ja, og at denne viser for mykje nei. Statistikken sine vegar er uransakelege (hadde eg hatt den juridisk-administrative nynorsk-ordlista mi her skulle eg funne eit betre ord). Men målinga gjev ikkje seniorforskaren grunnlag for å sei at nordmenn si EU-haldning ikkje blir påverka av kva som skjer utanfor landet.

Historisk har me sett at nordmenn si EU-haldning har blitt påverka av ting som skjer på andre sida av grensa. I 2003-04 gjekk ja-sida mykje fram, og målingar synte at austutvidinga gjorde mange nordmenn meir EU-positive. I 2005 gjekk nei-sida mykje fram rett etter at franskmennene og nederlendarane stemte nei til EU-grunnloven.

Det er vidare gjort ein god del forsking på kva som gjer at nordmenn seier ja eller nei til EU. I etterkant av 1994 blei det skreve ei tjukk bok om det, som delvis er penshum på Innføring i Komparativ politikk på UiO. Boka slår mellom anna fast at korkje i Noreg eller i Sverige hadde framandfrykt eller kor stolt ein var av landet sitt noko utslag på om ein stemte nei eller ja. Boka finn du her, ho er skikkeleg bra. http://bokelskere.no/bok/to-join-or-not-to-join/168822/

Ulike grupper i samfunnet har statistisk sett ulike handlingar til EU. Det fyljer ulike skiljeliner som allereie eksisterer i samfunnet, langs geografi, kjønn, alder, økonomisk kapital/klasse, kulturell kapital, sektor og partipolitisk/ideologisk plassering. Til dømes er unge meir mot EU enn middelaldrande, folk i Nord-Noreg meir mot EU enn folk i Oslo, lågtlønna meir mot EU enn høgtlønna og tilhengarar av Krf, SV og SP meir mot EU enn Høgrefolk. Skal ein tru på at EU-motstand heng saman med grad  av nasjonal egoisme, vil det sei at dei gruppene kor nei-sida står sterkast gjennomgåande er mykje meir egoistiske enn dei gruppene kor ja-sida står sterkast. Og det har eg rett og slett ikkje tru på.

Eg synst at seniorforskaren anten bør gjennomføra ny forsking som undersøker kva som gjer at nordmenn har dei haldningane dei her til EU, eller slutta å komma med kommentarar som stemplar nei-folk som sneversynte egoistar.

Skulle ei sånn undersøking blitt gjort tippar eg at pengebok-grunnar vil vera minst like viktige på ja-sida som på nei-sida. Det finst nemleg gode egoist-argument på begge sider:

Nei-lomme-bok-argument:

  • EU-kontingent på 20 mrd (nesten ti gonger så mykje som EØS-avgifta) vil måtte råka vanlege folk sin økonomi.

Ja-lommebok-argument:

  • Mat importert frå industrilandbruk i EU blir litt billigare enn norskprodusert mat.
  • Fri flyt av alkohol gjer at dei som a)drikk veldig mykje og b) bur i nærleiken av ei grense kan spara ein del på alkoholutgiftene.

Ja-sida har til og med prøvd å skåra politisk mynt på matprisane. Eg håpar at neisida ikkje vil svara med same mynt, men å halda fram med å argumentera mot EU-medlemskap basert på folkestyre, miljø og solidaritet. Eg trur dessutan at dei fleste, både ja-folk og nei-folk ser lengre enn til lommeboka når dei skal ta stilling til denne saka.

Om du er mot EU, bør du bli medlem av Nei til EU. Rørsla passerer i desse dagar 30 000 medlemmar.

Eit mediekommentatorisk PS.

Målinga er gjennomførd for, og betalt av, dei fattige små-avisene Nationen  og Klassekampen. Dagbladet sin sak er ei NTB-melding. NTB har berre satt inn betre mellom-overskrifter,  og kutta vekk Europarørsle-leiaren sine smaklause kommentarar. Elles er det rein avskrift frå Nationen. NTB-journalisten var kanskje på si siste vakt før juleferien, og måtte berre komma seg avgarde.





Fæl julegåve?

2 12 2009

Dette bilete er frå ein aksjon den danske organisasjonen Folkebevægelsen mod EU hadde 1. desember, kor dei delte ut Lisboatraktaten i gåve til tilfeldige danskar, under slagordet Lisboatraktaten, julegaven du ikke ønsker.

For å lesa meir om ting som har blitt skreve her tidlegare: Klikk på Lisboatraktat-merkelappen under dette innlegget. Om du vil lesa ein litt lengre tekst kan eg tilrå «Lisboatraktaten sine globale ambisjonar«, av Nei til EU sin kunnskpasrike utreiingsleiar Morten Harper.





Islandseminar på Nei til EU-landsmøte

28 11 2009

Denne helga er eg på landsmøte i Nei til EU. Det er eit ganske udramatisk landsmøte, utan dei store konfliktane. Den mest spanande røystinga så langt har vore om kor vidt forbodet mot replikk etter strek skulle opphevast. Men det er sjølvsagt mange kloke folk og gode innlegg.

Midt på laurdagen er det pause i sjølve møtet. Det er fleire parallelle seminar, eg er på seminaret om Island. Det er ein heil gjeng islendingar som er på landsmøtet som gjester frå Nei til EU sin systerorganisasjon på Island, Heimssyn. Når dei held føredrag snakkar dei eit slags skandinavisk blandingsspråk, midt mellom norsk, dansk, svensk og islandsk, som er overraskande forståelege.

Islandsk ja-side hadde håpa at søknaden skulle handsamast medan Sverige hadde formannskapen i unionen. Det kjem ikkje til å skje. Han blir diskutert på EU-toppmøtet i mars. Spania tek over formannskapet, ingen er i tvil om kva som er Spania sin agenda når det gjeld Island. Leiinga i Heimsyn trur difor at det kan ta tid før tingingane kjem i land.

Representantane frå Heimsyn argumenterer for at krisa på Island er alvorleg, men ikkje katastrofal.  Ting er sjølvsagt mykje verre en før krisa. Men arbeidsløysa er under 8 %, under snittet i EU-sona. Den svake krona hjelp no Island, gjer varene billigare og fører fleire turistar til sagaøya. Det er ikkje store suppekjøkkenkøar og rein naud, men folk har mindre kjøpekraft enn før.

Då krisa var på det verste var det 90% ja. No er det rundt 60% nei på meiningsmålingane, men mange er framleis i tvil. Spesielt euro er eit argument mange nyttar for medlemskap. Men det er eit søkt argument. I fylje ein ny rapport frå sentralbanken på Island er det 30 år til Island kan oppfylla konvergenskriteria for euroen. Euroen kan altså ikkje løysa krisa på Island, ei løysing på krisa er ein føresetnad for å få innføra euroen.

Det som overraska meg mest, er at det framleis er aktuelt at den islandske regjeringa fell på Icesave-saka. Spørsmålet om kor vidt Island skal betala for pengar som britar og nederlendarar tapte då bden oppblåste banken gjekk konkurs splittar parlamentet i to. Om nokre dagar kan regjeringa bli nedstemt, og falla. Då er det mulegheit for at det blir danna ei ny regjering, som trekk attende EU-søknaden. Sosialdemokratane er det einaste klare ja-partiet, og utan dei i regjering kan søknaden bli trukke tilbake. Eit anna alternativ er at det blir danna eit Forretningsministerium, altså ei upolitisk regjering.

Heimssyn har no 2000 medlemmar, som er ganske mange i eit land med 300 000 innbyggarar. Dei er dessutan i ferd med å binda opp ei ungdomsrørsle. Representantane for Heimssyn og den islandske nei-sida var i kvart fall ganske optimistiske på vegne av seg sjølve og Island.

Så held møtet fram med budsjett og arbeidsplanen og greier og greier. Og stadig nye kulturinnslag.





Spanande initiativ mot Datalagringsdirektivet

3 11 2009

Det er ikkje kvar dag det blir starta ein ny politisk organisasjon i Norge, men i dag skjer det. Det blir danna ein organisasjon som skal jobba mot at Datalagringsdirektivet blir innført i Noreg.

Eg meiner at debatten om datalagringsdirektivet fyrst og fremst bør handla om datalagringsdirektivet, ikkje om EU eller EØS. Dette er fyrst og fremst viktig for å ha nokon sjanse til å vinna saka fordi:

  • Skal direktivet stoppast, må vetoretten i EØS-avtalen nyttast.
  • Skal vetoretten nyttast, må eit fleirtal på Stortinget stemma for det.
  • Skal eit fleirtal stemma for det må ein god del av AP og H sine stortingsrepresentantar stemma for, stort sett alle desse er for EØS, og dei fleste er for EU.
  • For at dei skal gjera det må ikkje det å stemma mot Datalagringsdirektivet oppfattast som å stemma mot EU eller EØS.

Kva skal til for å få saka om direktivet til å handla om direktivet, og ikkje om EU? Fyrst og fremst er det viktig at det ikkje fyrst og fremst blir nei-folk som frontar saka. Politisk handlar det om at ikkje berre dei mest rabiate nei-partia SV og SP frontar saka. Sånn sett er det veldig positivt at dette initativet er så breidt, og at det ser ut til å vera ein fin balanse mellom ja-folk, nei-folk og folk som ikkje tidlegare har hatt noko synleg engsjement i EU-politiske spørsmål i det føreslåtte styret. Balansen mellom høgresida og venstresida er òg fin.

Ein annan spanande ting med dette iniativet er at det trekk med seg folk frå media, teknologi og juss-miljøet, miljø som til vanleg har ein tilsynelatande høg terskel for å engasjera seg i kontroversielle politiske spørsmål.

Sjølv om debatten bør dreia seg om kor vidt direktivet er bra eller dårleg er det ikkje til å komma vekk frå at debatten heng saman med EU. Det er på grunn av EØS av direktivet kjem til Noreg (sjølv om visse parti i Noreg lett kunne ha kokt i hop liknande framlegg sjølve). Av omsyn til breidda i arbeidet mot direktivet er det ingen grunn til at me som er mot EU og EØS akkurat no når saka skal avgjerast skal bruka direktivet som eit døme på kor fælt EU eller EØS er.

I tillegg vil tilhengarane av direktivet truleg argumentera med at bruk av veto vil trua EØS (og, impslitt, at det er negativt). Difor trur eg initiativtakar (og ja-mann) Lars Henrik Michelsen har heilt rett når han seier at det blir viktig å ” Motbevise påstanden om at reservasjon mot datalagringsdirektivet vil truge EØS-avtalen.”

At vetoretten kan nyttast mot dette direktivet utan at EØS fell saman er ikkje automatisk eit argument for at vetoretten nyttast mot kva direktiv som helst. Datalagring er nemleg ganske langt vekke frå kjerneprinsippa i EØS (fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft). Difor kan folk som generelt er skeptiske til bruk av vetoretten fint argumentera for at det er greitt å bruka veto mot datalagringsdirektivet utan at dei treng å vera for veto mot tenestedirektivet eller postdirektivet.

Så blir det spanande å sjå om tilhengarane av direktivet greier å komma opp med nokon gode argument framover. I det siste har i kvart fall justisministeren starta med å argumentera litt for direkitvet, i staden for å berre sitta musestille og håpa at debatten skal forsvinna.

Om du stør kravet om reservasjon, kan du skriva under på lista.