Sklitaklar EU fotballen?

30 05 2008

Det internasjonale fotballforbundet FIFA har vedteke å setta ei grense på maks fem utanlandske spelarar på kvart lag, for å styrka talentutviklingsarbeidet. EU gjev ordninga raudt kort, fordi det er i strid med prinsippet om fri flyt av arbeidskraft.

155 av 200 nasjonale fotballforbund stemte for. Skal EU likevel overstyra?

Det finst sjølvsagt argument for at 6 +5 –regelen er dårleg, i kvart fall for nokon. Dei største klubbane kan få dårlegare lag, sidan dei i dag kan velja og vraka i gode spelarar frå heile verda. I framtida må til dømes dei engelske storklubbane auka talet på britar sterkt. Det kan gjera det vanskelegare å sikra reine engelske finalar i Champions League (om nokon skulle savna det). Til gjengjeld vil ordninga truleg styrka talentutviklinga, og kanskje England kan kvalifisera seg til litt fleire meisterskap i framtida?

Det har blitt gjort framlegg om at ein skal ha regel om ”lokalt utvikla spelarar” i staden for å gå etter passet til folk. Problemet med dette er at ressurssterke klubbar vil trålar fattige land etter unge fotball-talent. Om ein importerer dei medan dei er unge (15-21 år) kan ein kalla dei eigenutvikla. Andreas Selliås frå NUPI peiker på at dette kan føra til meir menneskehandel.

Me i Ungdom mot EU meiner ikkje at me veit kva som er best for fotballen. Derimot trur me at FIFA og fotballen sine eigne organ har litt peiling på dette. Innanfor visse grenser bør dei få avgjera dette sjølve. EU bør ikkje blanda seg oppi dette med sine marknadsprinsipp. Om fotballen meiner at regelen er naudsynt for å sikra talentutvikling bør dei få gjera det, sjølv om det er i strid med fri-flyt-ideologien til EU.

EU hevdar at ordninga er diskriminerande. I utgangspunktet forstår eg kva dei meiner, men likevel… Om EU hadde vore opptekne av diskriminering kunne dei jo fyrst og fremst ha slutta med å stikka kjeppar i hjula for kampen mot sosial dumping. At austeuropeiske arbeidstakarar på arbeidsoppdrag i vest får dårleg betalt er ikkje noko problem, tvert om fint for å sikra den frie flyten. Sånn kan ein i kvart fall tolka Vaxholm-dommen og tenestedirektivet. Denne type diskriminering stør EU. Men ein regel for å sikra talentutvikling, som kan gjera det litt vanskelegare for utanlandske fotballspelarar å få plass på laget / i troppen, det skal dei stoppa. For å vri litt på eit kjend sitat kan ein sei at det for EU er lettare å sjå kvisa i si eiga panna enn bjelken i sitt eige kne.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: