Ministerrådsmøte – i Noreg!

5 06 2008

I dag (torsdag) og i morgon har EU sitt ministerråd møte i Oslo. Ja, i utanforlandet. Eg veit ikkje heilt kvifor dei er her, og ingen i media ser ut til å ha fått det med seg.

Temaet for møtet er fleirkulturell dialog og tilsvarande herlegheiter. Når Ungdom mot EU demonstrerte utanfor møtet var det altså ikkje imot det dei snakka om. Vår parole var ”La folket få stemma om Lisboatraktaten”. Takk til alle som hjalp oss med å omsetta det til meir eller mindre eksotiske språk….

Medan me stod utanfor møtet snakka kort med ein fagforeiningsleiar som var tilstades på møtet. Han/ho sa at han/ho kjende seg litt aleine som EU-motstandar der inne. Det skal du få meg til å tru. Men til alt hell var jo Utdanningsminister Bård Vegard Solhjell der inne, han er jo og EU-motstandar. I 1994 var han aktivt med i Ungdom mot EU og Nei til EU. Men det skrøyt han kanskje ikkje av under møtet.La folket få stemma!

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: