Snart på flyet til Irland

9 06 2008

No er det ikkje lenge til me sitt på flyet til Irland, kor me skal fylja den siste innspurten i folkerøystinga om Lisboatraktaten.

Det blir uttruleg spanande å sjå resultatet. Personleg er eg ofte litt pessimistisk av meg, og trur det er berre 50% sjanse for eit nei. Dei siste dagane har det kome ei måling med nei-fleirtal og ei måling med ja-fleirtal.

Om nei-sida lukkast i å få kampanja til å faktisk handla om sjølve traktaten trur eg dei vinn. Det er trass alt sånn ein dårleg traktat. Om ja-sida lukkast med å få debatten til å handla om at ”Irland blir isolerte om dei stemmer nei” eller ”Me må vera takksame for den støtta EU tidlegare har gjeve oss” vinn derimot truleg ja-sida.

Me i UmEU skal ikkje aktivt involvera oss i kampanjane til dei irske nei-organisasjonane. Likevel blir det utruleg spanande å reisa til Irland og sjå korleis kampanjane blir førde.

Satsar på å oppdatera bloggen og UmEU sine heimesider ein god del, sånn at alle som ikkje fekk vera med på turen likevel kan halda seg oppdaterte.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: