Fyrste morgon i Dublin

10 06 2008

Denne veka er Ungdom mot EU på studietur i Dublin for å observera innspurten av den irske folkerøystingskampanja.

20 norske nei-ungdommar landa måndag kveld i Dublin. Når dette skrivast er det einaste me har sett til folkerøystingskampanja eit uttal plakatar. Irane har ein heilt annan plakatkultur enn oss nordmenn. På så godt som kvar einaste lyktestope langs einkvar veg heng det plakatar med Vote no og vote yes.

Slagorda til nei-sida er varierte. Ein av dei største aktørane er partiet Sinn Fein, som er det einaste ”seriøse” partiet på Irland med eit klart nei-standpunkt til Lisboatraktaten. Dei ser ut til å bruka valkampen til å reklamera for seg sjølve. Så lenge ca halvparten av irane er mot traktaten, og berre SF i parlamentet er mot, kan det gje dei veljargevinst. Men samstundes er det ingen tvil om at den sterke profileringa av partiet kan gjera det vanskelegare for nei-sida. Mange irar kan aldri tenka seg å stemma på SF, sidan dei blir knytta til IRA. Eg trur Sinn Fein ville ha tent nei-saka betre om dei dempa partiprofilering, og heller kasta sine krefter inn bak ein samarbeidsorganisasjon som Peoples Movement eller Campaign against the EU-constitution.

Noko av det nye med denne kampanja er at det har oppstått ein klarare EU-skepsis på høgresida. Organisasjonen Libertas har mykje pengar, og sin del av plakatane. Deira argumentasjon har mykje til felles med dei meir venstre-orienterte motstandarane, i den forstand at dei legg vekt på sjølvstyre og demokrati. Ein skilnad er likevel at dei legg vekt på at Lisboatraktaten kan gjera det lettare for EU å pålegga Irland å heva sine låga skattar. Meir venstreorienterte motstandarar hevdar på si side at traktaten vil vera med på å tvinga fram meir privatisering av helse og utdanning.

I dag skal me vitja EU-kommisjonen sin ambassade i Dublin. Det blir nok artig. Men fyrst er det frukost. Lurar på om han blir like stusseleg som frukostar utanfor Skandinavia og Storbritannia plar vera?

Så langt har turen i kvart fall gått bra. Utanom då Stian kvart på sju irsk tid vekka oss med ropet ”Me har forsove oss, klokka er kvart på åtte.” Det er ikkje alltid like lett å hugsa å stilla klokka…

Advertisements

Handlingar

Information

One response

10 06 2008
Jens Kihl

Spanande å få fylgje med på studieturen frå sitt eige kontor trygt plassert utanfor unionen! Tek du godt vare på Maria?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: