I gatene i Dublin

10 06 2008

I dag har me vitja EU-kommisjonen sin ambassade, kor me fekk ein nyansert og balansert føredrag om kor utruleg fantastisk EU er, og kor teite dei i Irland som vurderer å stemma nei til Lisboatraktaten er. Me fekk òg sjå ein reklamefilm om kor fint EU har vore for Irland. Takk til EU for å stadfesta alle våre fordommar om EU-propaganda.

Vidare gjekk me rundt i gatene, og kikka etter politisk aktivitet. Me såg mange stands frå ulike nei-organisasjonar, men ja-sida såg me ikkje noko til. Det lovar godt for avrøystinga… Til gjengjeld dominerer dei media totalt. Kanskje dei trur dei ikkje treng stå og dela ut løpesetlar og snakka med folk? Ja-sida går stort ut i media og seier det vil bli kaos om Irland stemmer nei.

Me var òg på pressekonferansa til Peoples Movement, ein EU-kritisk organisasjon som liknar ganske mykje på Nei til EU, berre at dei er litt mindre. Den politiske breidda var imidlertid større enn eg hadde venta, det lovar bra.

No skal me ut og eta middag, og kanskje sjå ein fotballkamp.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: