Dei tri ja-musketerar

11 06 2008

Dette er ikkje partileiarane

Nyleg gjekk leiarane for dei tri største partia på Irland ut i media og oppmoda folket til å stemma ja. Dei legg all partipolitikk kiming til side for å styrka ja-sida. Det er leiarane for Fianna Fail, Fine Gail og Labour. FF og FG er begge sentrum-høgreparti, og sitt i den konservative gruppa i EU-parlamentet. Eg har aldri heilt skjønt skilnaden, utanom at FF var litt meir mot britane kring 1920.

Labour verkar som eit meir tradisjonelt sosialdemokratisk parti enn sine namnebrør på den andre sida av irskesjøen. Men dei er ganske små, og har knappast vore noko dominerande parti. Målingar viser at eit soleklart fleirtal av veljarane deira kjem til å stemma nei. Spørsmålet er om dette utslepet får dei på andre tankar.

Mykje tyder likevel på at dette initiativet i utgangspunktet er fånyttes. Målingar viser nemleg at berre 3% av dei som stemte nei gjer det for å protestera mot regjeringa. Innanrikspolitiske saker dominerer altså ikkje valkampen, for så vidt eit sunnheitsteikn.

Som ein reaksjon på utspelet til dei tri leirane kjøpte nei-grupperinga Libertas inn tri vegsbilettar til Brussel (på økonomiklasse) fredag, altså dagen etter folkerøystinga. desse vil dei at topp-politikarane skal bruka når dei reiser ned og forhandlar fram «ein betre deal for Irland».

Om nokon heime i Noreg skulle få inntrykk av at valkampen blir dominert av abort og frykt for homofile ekteskap er det heller ikkje nokon grunn til å tru det. Det finst rett nok ei katolsk gruppering som jobbar mot traktaten. Dei heiter Coir, og bruker nokon slagord på plakatane sine som eg ikkje heilt kunne sitt for meg Ungdom mot EU bruka. Men ingen av dei handlar om abort.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: