Irland er ikkje aleine

16 06 2008

Irland er det einaste landet som har sagt nei til EU sin nye grunnlov, Lisboatraktaten. Dei er òg det einaste landet kor folket har blitt spurt om det er greitt å flytta endå meir makt til Brussel. No blir det påstått at Irland er isolert. Sikkert er det i kvart fall at Lisboatraktaten ikkje kan tre i kraft frå nyttår.

Lisboatraktaten er ein ny grunnlov for EU, som vil gje EU meir makt over medlemslanda og som vil endra stemmerettsreglane i dei små landa sin disfavør. I dei 26 andre EU-landa er det dei nasjonale parlamenta som har handsama traktaten. Omtrent samstundes som Irland hadde folkerøysting vedtok det greske parlamentet traktaten med overveldande fleirtal. I Irland fekk 3 millionar røysteføre seia si meining. I Hellas fekk 300 parlamentarikar seia si. Det er ingen tvil om kva som er den mest demokratiske måten å avgjera eit så stort og viktig spørsmål på.

Ei av dei største avisene i Irland skriv om resultatetDet er eit stort sprik mellom kva dei politiske elitane meiner om EU, og kva folket meiner. Sånn er det i Noreg, og sånn er det i dei fleste andre land. Når folket blir spurt om det er greitt å flytta meir makt til Brussel, har dei ein tendens til å stemma nei.

Frankrike og Nederland stemte i folkerøystingar nei til den opphavelege EU-grunnloven. EU-grunnloven skifta namn, og franskmennene og nederlendarane fekk ikkje lov til å stemma på nytt. Eg trur mange frå desse landa sendar varme tankar til Irland etter at dei stemte nei. Det er ikkje Irland som er isolert. Det er dei ukritiske EU-tilhengarane som er.

Det er all muleg grunn til å gleda seg over utfallet, som vil vera til det beste både for irar og alle andre. Det irske folket har stått mot presset frå makthavarane i eige og andre land på ein fantastisk måte. Hadde det ikkje vore for at eg er fråhaldsmann skulle eg ha kjøpt mykje Guiness og irsk whiskey framover.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: