Kven har skylda / æra?

17 06 2008

Allereie før dei siste stemmane var talte opp, byrja ja-folka i Irland å gje kvarandre skylda for utfallet av folkerøystinga. Opposisjonspartia skyldte på regjeringa, og regjeringa skyldte på opposisjonspartia. Som kjent var både regjeringa og dei største opposisjonspartia for traktaten.

Jasida gjorde mange feil under kampanja. Fyrst og fremst kom dei ikkje med nokon gode argument for traktaten. Flesteparten av plakatane til ja-sida var prega av smilande toll-politikarar som sa ”Ja til Europa”. Resten var prega av slagord som ”Bra for Europa. Bra for Irland”, eller ”Europe. Lets be at the heart of it”. Tanken bak denne strategien var for så vidt forståeleg. Lisboatraktaten er ikkje serleg lettlest eller attraktiv, og kan vera vanskeleg å forstå. Samstundes var tydelegvis ikkje irane sin EU-lojalitet sterk nok til at dei stemte ja berre fordi dei fekk beskjed om det.

Eit utsegn som kan ha vore med på å vippa fleirtalet var at statsminister Cowen sa at han ikkje hadde lest traktaten. Det fekk folk til å forstå at ein ikkje veit kva ein gjev seg ut på, og at mange av ja-forkjemparane sa ja på refleks, utan å setta seg inn i saka og reflektera over spørsmålet. Eg kan gjerne føya til at eg sjølve ikkje har lese heile Lisboatraktaten. Eg las EU-grunnloven i den formen som han blei framlagd i i 2004/05. Sidan Lisboatraktaten inneheld 96% av det same tenkte eg at det ikkje var vits i det.

No er eg og resten av studieturen komne heim til Noreg, og snart kjem det kanskje til og med til å bli skreve om andre ting enn Irland på denne bloggen. Kven veit?

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: