Kvifor blei det nei?

17 06 2008

No har dei fyrste tala om kvifor irane stemte som dei gjorde kome.Plakat frå Libertas

Mange hadde tru på at det gjekk ann å forhandla fram ein betre avtale. Dette er logisk. Anten det blir reforhandling av Lisboatraktaten, eigne irske protokollar som sikrar nøytralitetet, arbeidararettar, sjølvstyre om abort aller liknande, eller ein heilt ny prosess vil synspunkta til Irland veia tungt framover. Dei andre EU-landa veit at Irland ikkje kan la vera å ha folkerøysting, og at dei difor treng eit resultat det er muleg å få eit fleirtal til å stemma for.

Kvifor dette ønsket om ein betre avtale? Jo, fordi Lisbaotraktaten ville gitt Irland endå mindre innflytnad i EU, mellom anna gjennom endra stemmevektsreglar. I dag er dei små landa overrepresenterte, med Lisboa stemmer ein med innbyggartalet. I tillegg ville EU ha blitt endå meir overstatleg, og fått meir makt til å bestemma på fleire område.

Målinga syner at innvandring har spelt ei viss rolle (men ikkje stor). Dette overraskar meg sterkt, fordi ingen av aktørane i debatten såg ut til å bruka det. Ikkje eingong den høgre-katolske nei-grupperinga COIR ein gong hinta til innvandring i løpesetlane eller på plakatane. Og strengt tatt har ikkje innvandring serleg mykje med Lisboatraktaten å gjera, sidan fri flyt av arbeidskraft har vore eit prinsipp for EU lenge før Lisboa.

Når det er sagt avventar eg nærmare undersøkingar før siste ord kan seiast om nøyaktig kvifor irane stemte nei. Denne undersøkinga er gjort av EU-kommisjonen. Dei er vel ikkje akkurat ein nøytral part i denne saka, og kan ha interesse i å utforma undersøkinga på ein måte som gjer at ein kan undergrava nei-et og stempla det som misforstått eller ekstremistisk.

Ei veke før valet blei det gjort ei anna undersøking, av ei irsk avis.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

17 06 2008
Jo Stein Moen

Jeg mener det er grunn til å være meget tvilende til EUs egne meningsmålinger. IKKE MINST når det skjer som plaster på såret etter et stort nederlag for EU, som dette.

De såkalte «Eurobarometer»-målingene pleier å være hjelpsomme for EU når man vil skynde seg i retning mer integrasjon og ensretting. Men gallup-demokrati er jo det motsatte av folkestyre. Dersom det hadde blir ja – ville EU da ha gjennomført en «måling» for å¨sjekke hvofor folk stemte ja og lat det være avgjørende for veien videre? Selvsagt ikke. Da hadde det vært tut og kjør som om alle stemte ja av samme grunn. Det at irene stemte nei til traktaten burde holde – EU burde dermed tatt konsekvensen av det istedetfor å lage en mer eller mindre suspekt måling i etterkant. Det var ett politisk parti i det irske parlamentet som sa nei til traktaten. De ti grunnene til at Sinn Fein var nei burde tillegges vekt. EUs måling burde ikke være grunnlag for veien videre – det burde konklusjonen i det irske folkets beslutning!

At «innvandring» var et sentralt tema hos det irske folk vil jeg se faglig dokumentert før jeg tror det – men at det passer for Brussel med et slikt bilde er jeg ikke i tvil om, og det vil vel brukes for det det er verdt.

Jeg venter på seriøs forskning på irenes nei, og regner med at det vil komme om noen måneder eller så. De tallene vil ikke være produsert for å hjelpe EU gjennom en krise – som disse tallene EU har bestilt – men trolig være gjort på faglig seriøst vist. Inntil de tallene foreligger mener jeg det er lurt å ta slike tall med store mengder forbehold.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: