Ny folkerøysting i Irland?

27 07 2008

Eit av høgdepunkta på Ungdom mot EU sin sommarleir i år var innleiinga til vår irske gjest frå Peoples Movement på Irland. Den raudhåra og fregnefullte iren var ikkje i tvil om at det kom til å komma ei ny irsk folkerøysting om Lisboatraktaten, og sa at førebuingane til nei-sida allereie var i gang.

Den hyperaktive franske president Sarkozy vil og ha ein ny folkerøysting. I Irland vel og merka. I Frankrike, som stemte nei til EU-grunnloven i 2005, vil han ikkje ha ny folkeavstemning om Lisboatraktaten, som i praksis inneheld over 90% av EU-grunnloven. Den blir ratifisert i det franske parlamentet, utan å spør folket. Kanskje den franske presidenten burde vera litt mindre oppteken av irske folkerøystingar og litt meir oppteken av å lytta til sitt eige folk.

No viser ei ny måling at 3 av 4 irar ikkje vil ha ei ny folkerøysting. Det er strengt tatt ikkje overraskande, fordi ei ny folkerøysting vil vera eit klart signal om at folket stemte feil sist gong, og må stemma på ny og på ny heilt til dei stemmer «rett». Sånn funkar altså EU-«demokratiet».

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: