Rossavik skriv om EU

2 09 2008

Det blir ikkje skreve så mykje om EU-relaterte spørsmål i norske media for tida. Eit unnatak er Nationen og Klassekampen. Eit anna unnatak er den meir eller mindre faste spalta til Frank Rossavik i BT.

Kven er så denne Frank Rossavik? Jo, han er tidlegare Brussel-korrespondent for Bergens Tidene og Stavanger Aftenblad. Eg hugsar at artiklane hans provoserte meg som ung nei-aktivist i Stavanger, fordi eg oppfatta dei som einsidige.

Under EU-kampen på nittitalet jobba Rossavik som informasjonsleiar i Europarørsla. No hevdar han at han ikkje nødvendigvis er for norsk EU-medlemskap. Dessutan har han skreve ei bok som heiter Hei til EU, som har fått gode skyssmål frå dei fleste hald, òg frå ein del nei-folk. Han er i kvart fall kunnskapsrik, og skriv godt.

Sjølv om Rossavik ser ut til å ha blitt noko meir nyansert på sine eldre dagar (Willoch- syndromet?) kan eg ikkje unngå å bli litt oppgitt over ein del av det han skriv i dagens avis. Han skjeller mellom anna ut Nei til EU si avis Standpunkt for å ha laga eit temanummer som motseier påstanden om at det er best for klimaet at Noreg blir medlem av EU. Dette gjer han heilt utan å gå inn på dei saklege argumenta for og mot denne påstanden.

Utanom dette er det mykje interessant i artikkelen, mellom anna ei analyse som seier at det skal sers mykje til at Noreg blir med i EU. Han meiner nei-sida har tre gratis fordeler, nemleg at Noreg har vore eit sjølvstendig land så kort tid, at landet er rikt og at motsetnadane mellom sentrum og periferi hjelp nei-sida. I tillegg meiner han at nei-rørsla gjer ein stor og effektiv jobb, medan Ja-rørsla er makteslaus og ja-politikarane ikkje prioriterer saka. Mykje av dette stemmer. Likevel hopper han glatt over dei fordelane ja-sida har.

Nesten alle store media dekker EU på ein positiv måte ( det finst det mange forskingsrapportar frå 1994 og 1972 om)

Ja-sida kan i ein kampanjesituasjon mobilisera mykje meir pengar enn nei-sida, fordi næringslivet og dei aller fleste rike er for. NtEU og UmEU har mange medlemmar, men det skal samlast inn pengar frå utruleg mange småbrukarar, grunnskulelærarar, studentar og minstepensjonistar for å vega opp for eit par millionærar.

Ja-sida kan avgjera kva tid omkampen kjem, fordi dei har fleirtal på Tinget. No har det vore nei-fleirtal i meir enn tre år. Hadde det vore stabilt ja-fleirtal i meir enn tre år hadde dei heilt sikkert skreve ut ny avrøysting.

Difor meiner eg, diverre, at Rossavik si analyse er for pessimistisk på ja-sida sine vegne. Difor er det viktig at alle me som er nei held fram med å vera aktive i EU-debatten.

Du kan til dømes bli medlem av Nei til EU eller Ungdom mot EU.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

20 09 2008
Protus

«Ja-sida kan avgjera kva tid omkampen kjem, fordi dei har fleirtal på Tinget.»

Haga, er du så sikker på at dette er riktig ?
Foran valget i 05 gjennomførte jo NTEU en spørreundersøkelse blandt kandidater som hadde sjanse til å komme på tinget og etter valget var vel konklusjonen at det ble flertall mot (dog var det vel en del usikre representanter, særig hos FRP).

22 09 2008
toresyvert

Det stemmer at undersøkinga frå 2005 viste at det blei færre ja-folk enn tidlegare på Stortinget (sjølv om EU ikkje var noko stor sak i valkampen). Men det er framleis fleire som er ja enn som er nei, 63 mot 59. Samstundes har du litt rett, fordi eit fleirtal sa dei er mot å senda søknad i denne perioden. NtEU har laga eit faktaark om dette: http://www.neitileu.no/Media/Filer/Faktaark/0-2005-EU-standpunkt-blandt-stortingsrepresentantene-2005-pdf

Ingen på nei-sida er i utgangspunktet interesserte i omkamp, medan ja-sida i utgangspunktet er det. Stort sett alle, utanom dei verste brusehovuda på ja-sida, seier dei vil venta på eit stabilt ja-fleirtal på målingane. Nettopp: Venta på eit bra tidspunkt.

Sjølv om ja-sida kan avgjera kva tid neste EU-kamp kjem, er det ikkje kostnadsfritt for dei. For ja-delen av AP vil det føra til at ein ikkje kan regjera i lag med SV og SP, for H vil det føra til at dei ikkje kan regjera saman med V og KrF. I førre Stortingsperiode var det jo eit par år med ja-fleirtal, men H våga ikkje prioritera EU høgare enn å regjera i lag med nei-partia. Men om dei hadde prioritert det, kunne dei då sendt ein søknad.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: