Gjer vekk fisk i protest

5 09 2008

Dette er på same tida ein utruleg koseleg historie, og ein utruleg trist ein. Fiskaren Mick Mahon frå Newlyn sørvest i England gjev vekk overskotsfisken gratis til fattige og pensjonistar, i protest mot EU sine reglar om dumping av fisk. Dette i fylje BBC (Her har dei video òg)

I EU er fiskarane pålagt å dumpa fisk du har fiska over kvota i havet. Kvart år blir store mengder daud fisk spylt rett på sjøen. I Noreg er reglane motsett, det er forbode å dumpa fisk. Difor vakte det stor oppsikt då Dagsrevyen for kort tid sidan viste bilete av EU-fiskebåtar som spylte fisk på sjøen rett utanfor norsk territorialfarvatn.

Mich Mahon seier han er villig til å betala bøter på opptil 50 000£, om han skulle bli sakssøkt.

Oppdatert: No melder Dagbladet om at EU skal kutta kvotene i Austersjøen ganske kraftig. Det høyres ut som eit steg i rett retning, fordi det kan gje fiskeartane ein sjanse til å bygga seg opp igjen. Miljørørsla er likevel ikkje nøgde, dei kritiserer EU for å i det heile teke gje løyve til å fiska på dei utryddingstruga artane.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: