FrP eit trygt nei-val?

15 09 2008

Mange målingar den siste tida har vist at FrP og H kan få fleirtal på Stortinget. Difor er det avgjerande for EU-kampen vidare framover i Noreg korleis FrP stiller seg til EU-saka.

Til no har dei ikkje våga å svara. Etter at både Ungdom mot EU og Nei til EU har utfordra partiet til å sei noko om kor dei står, har media fatta interesse for dette openberre forsøket på å feia ein splittande sak under teppet. Klassekampen har i dag framside-sak om spørsmålet, og Dagbladet og NTB har laga kopi-saker i etterkant.

I dag kan me lesa at ”FrP-arar seier nei til EU”. Det tala viser er at 14 av 32 seier nei. 8 seier ja, 6 ikkje svarar og 8 ikkje veit. NEI er altså den største gruppa, men har ikkje fleirtal på noko vis. Om målingane snur vil ikkje FrP hindra H i å senda ein søknad. I vinter ville dessutan Siv Jensen bruka partipisken til å tvinga FrP-representantane til å stemma for å endra Grunnloven for å gjera det lettare å melda Noreg inn i EU.

I eit intervju i Klassekampen i helga sa Siv Jensen at ei eventuell FrP-regjering berre vil medvirka til å senda EU-søknad om det skjer ei tydeleg endring i opinionen. Så lenge det er klart nei-fleirtal i folket vil i praksis ikkje eingong Høgre våga å senda ein ny søknad, fordi dei ikkje har lyst til å tapa for tredje gong.

Min konklusjon blir: Ros til media for å setta fokus på denne saka, og for så vidt til FrP for å i noko større grad enn før utala seg om saka. Men FrP er framleis ikkje noko trygt nei-val på same måten som Sentrumspartia, SV og nei-kandidatane til AP. Nei-sida treng representantar som seier nei òg når målingane jamnast ut.


Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

18 09 2008
atb

Uansett hvilket parti du stemmer på, så får du et regjeringsalternativet som er splittet i synet på EU.

FrP er ikke alene om om det. Realiteten er vel den at andre partier vil komme etter FrP også i dette spørsmålet, og respektere en eventuell folkeavstemning, hvis og når det blir aktuelt.

19 09 2008
toresyvert

Er forsåvidt ikkje usamd i at dei fleste mulege regjeringsalternativ vil vera splitta i EU-saka. (H+FrP, V+KrF+H, SV+SP+AP, AP aleine)

Likevel er det ein skilnad mellom ein stemme til eit parti som seier at dei ikkje vil sitta i ei regjering som søker EU-medlemskap (som til dømes KrF eller SV gjer) og ein stemme til eit parti som seier at dei kan vera med på å senda ein søknad om det er fleirtal for det i målingane (som FrP ser ut til å gjera).

Men viktigare enn kva parti ein stemmer på, er sjølvsagt at ein stemmer nei i ei eventuell folkerøysting.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: