På andre sida av Nordsjøen

19 09 2008

Medan det britiske regjeringspartiet Labour har landsmøte i Manchester, og har nok med sine eigne kranglar, skjer det spanande ting i dei to største opposisjonspartia.

Dei Konservative (Tory) diskuterer kor sterkt dei skal stå på kravet om folkerøysting om Lisbaotraktaten. Dei er for folkerøysting (og mot traktaten), og det er dei fleste i partiet samde om. Om dei kjem i regjering før Irland eventuelt har ratifisert traktaten, kjem dei til å trekka attende den britiske ratifiseringa av han.

Det dei diskuterer er derimot kva dei skal gjera om dei kjem i regjering etter at traktaten er trådd i kraft (under føresetnad av at irane stemmer ”rett” neste gong). Skal dei då krevja reforhandling, eller godta å styra etter han sjølv om dei er i mot?

Irane stemte som kjent nei i juni 2008. Neste parlamentsval i Storbritannia må haldast innan mai 2010. Irland kjem truleg til å ha ein ny folkerøysting, spørsmålet er om det blir før eller etter det britiske valet. Dei fleste reknar med at Labour etter meir enn ti år i Downing Street no. 10 vil tapa neste val, og at David Cameron blir den nye statsministeren.

Debatten går mellom dei såkalla hard-linerane, og dei mjukare, som vil at Tory-partiet skal vera mest muleg moderat for å sikra seg veljarar som tradisjonelt ikkje har stemt på partiet, mellom anna blant dei EU-positive. Etter at Blair tok Labour-partiet frå venstrefløyen til sentrum har den nye leiinga hjå dei Konservative teke sitt parti inn mot sentrum.

Å innta ein moderat posisjon i debatten om Lisboatraktaten er ein del av denne taktikken. Samstundes er eit klart fleirtal av veljarane for folkerøysting og mot traktaten, så det er vanskeleg å forstå kva Tory har å tapa på å kjempa kampen.

Liberal-demokratane, som liknar på høgrefløyen i norske Venstre, er i ferd med å snu i spørsmålet om å innføra euro som valuta i staden for pundet. Dei har tradisjonelt vore sterke tilhengarar av dette, men ser no ut til å nyansera dette standpunktet. Kanskje dei har lagt merke til at eit klart fleirtal er imot? På grunn av det sjuke valsystemet i UK vil neppe Lib-Dem sitt syn på saka ha noko praktisk konsekvens. På tross at dei har mellom 15 og 20% av stemmane har dei ein brøkdel av parlamentsseta.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: