Nei-fleirtalet veks

22 09 2008


Ei ny måling viser at EU-motstanden i Noreg veks endå meir. No leier nei-sida snart med 20 prosentpoeng på ja-sida.

Det har vore nei-fleirtal i snart 50 månadar. Det er ganske lang tid i ein politisk samanheng. Likevel har nei-sida ingen grunn til å kjenna seg trygg. Meiningsmålingar har svingt i fortida, og kjem til å svinga i framtida.

Spesielt sett i lys av den makta ja-sida gjennom viktige deler av media har til å påverka folk sine meiningar. Forsking frå 1994 viser heilt klart at aviser som VG, Aftenposten og Dagbladet spelte ein rolle på ja-sida den gongen. Det var ein av grunnane til at ja-sida gjekk fram dei siste månadane før avrøystinga i november 1994. Nei-sida vann berre fordi det før kampanjeinnspurten var så mange som var mot i utgangspunktet.

Dessutan er mange av dei mektigaste folka i Noreg for EU. Døme er statsministeren, utanriksministeren, Høgre-leiaren og dei aller fleste toppane i næringslivet og akademia. I ein kampanjesituasjon vil ja-sida disponera mest pengar til reklame og tilsetting av heiltids kamanjesekretærar og flest ”truverdege” kjelder til vinkla reportasjar i media.

No er det viktig at me som er mot EU held dampen oppe. Om du ikkje allereie er det, bør du bli medlem av Ungdom mot EU eller Nei til EU. Ja-sida har media, makta og millionane, difor må me ha menneska. Berre ved å halda fram med å vera ei stor og aktiv folkerørsle kan me vinna EU-kampen i framtida òg.

Advertisements

Handlingar

Information

3 responses

22 09 2008
Morten

Helt enig med deg. EU er et onde og bør unngåes for enhver pris. Mye makt i få hender har aldri vært noen god ide.

22 09 2008
Nuggeh

At alle rike, mektige og åpenbart smarte er for EU sier vel sitt om nei-siden?

La oss slutte å være naive, nå.

22 09 2008
toresyvert

Til den siste kommentaren: Mitt poeng er at EU er eit prosjekt som mange elitar er for. Det betyr ikkje automatisk at det er eit bra prosjekt for vanlege folk.

At det å vera mektig ikkje alltid er det same som å vera smart finst det fleire døme på, både i norsk og internasjonal topp-politikk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: