Trekk Jagland seg?

23 09 2008

I dag melder både Dagbladet og VG at Jagland vil trekka seg frå Stortinget, og heller ta jobb i Europarådet.

Han kjem til å bli sakna, på godt og vondt.

Eg personleg synst Jagland har gått langt utover si rolle som Stortingspresident når han så ofte har kome med krasse utspel i EU-debatten. Tidlegare har Stortingspresidentane pleid å heva seg litt over politikken. Jagland har derimot ”tråkka rundt i søla” som alle andre politikarar.

Det er ingen tvil om at Jagland er ein klok og reflektert person i dei fleste samanhengar. Hans utspel om 36,9% var faktisk både klokt og ansvarleg (meiner no eg i kvart fal) og var med på å hjelpa partiet hans. Det mangla berre 1,5% før han hadde blitt geni-erklært.

Problemet med Jagland er det totale opphenget i EU han har. Eit døme er kronikken han skreiv i sommar i Aftenposten, om kor viktig det er å skapa ein ny politisk kultur. Kjempebra tekst, og mange gode poeng. Men midt oppi skriv han litt om EU, og sleng drit om EU-motstandarar, utan at det har nokon sakleg samanheng med resten av teksten.

Jagland er òg mannen som ga oss sitatet som preger baksida av Nei til EUs avis Standpunkt. ”Den sida som forsøker seg med triks og slagord, vil tape” (Dagbladet, 12. mars 1994).

Det er kanskje litt ironisk at EU-fanatikaren Jagland tek seg jobb i Europarådet, eit all-europeisk organ som ikkje har noko med EU å gjera. Nokon gonger blir det skapt inntrykk av at Europarådet er eit suppeorgan. Frå tid til annan kan det nok stemma, men likevel er det eit viktig organ. Mellom anna Den Europeiske Menneskerettsdomstolen er ein del av Europaråds-systemet. Denne domstolen har fleire gonger endra norsk rettspraksis og politikk på ulike felt. Den skil seg frå EF-domstolen med at det ikkje er dei fire fridommane, men menneskerettane, som er det overordna prinsippet.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

23 09 2008
Knut Sparhell

Symptomatisk at du kaller Jagland, en våre mest reflekterte politikere for «EU-fanatiker». Sjelden har noen klart å begrunne sitt standpunkt såpass tydelig og respektfullt, også for de som er uenig. EU består nå av 27 land i Europa. Den er vel mer en «EU-fanatiker» som absolutt ikke vil at Norge skal få litt innflytelse der nede i dammen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: