Ny EU-debatt i Island?

6 10 2008

I det siste har EU-debatten i Island teke seg opp, fordi ein del ser euro som ei potensiell løysing på den ustabile økonomien, kor valutakurs og renter svingar mykje. Regjeringa har spurt om lov til å innføra euro utan å bli med i EU, men det får dei ikkje lov til.

Island har lenge hatt ein ustabil økonomi, med stor vekst og store kriser. Til å vera ei så lita øy, har dei store bankar og mange ekspansive bedrifter som tek sjansar. Halve Danmark er snart eigd av islandske kapitalistar. Ei hevn for tida då Island var dansk koloni?

Island skiljer seg politisk ut frå dei skandinaviske landa, i den forstand at dei borgarlege partia står sterkare, og venstresida svakare. Sosialdemokratane er eit mellomstort parti, men det dominerande partiet i etterkrigstida har vore det Liberalkonservative partiet som heiter Sjølvstendepartiet. Ein litt forvirrande ting er at det er eit islandsk parti som heiter Framstegspartiet, men det tilsvarar Senterpartiet i Noreg. SV sitt systerparti heiter Venstre-grøne, eit ganske artig namn.

Island har valt å stå utanfor EU. Ikkje eingong på regjeringshald har det vore teke til orde for unionsmedlemskap, så dei har ikkje hatt folkerøystingar om spørsmålet.

Den norske ja-sida har lenge snakka om at Island kjem til å bli med i EU, og frydar seg nok over oppslaga i norske media om dette. Dei håpar Island-suget skal få nordmenn til å snu i EU-saka. I 1994 var det svenske-suget som skulle ordna biffen, i 2004 håpa mange at austutvidinga skulle få nordmenn på betre tankar. I dag er det altså Island-suget ein håpar på.

Fyrst er det viktig å sei at det ikkje er sikkert at Island blir med i EU. Statsministeren er imot. Målingane viser eit knapt fleirtal for, men det kan endra seg. Fiskeriargumentet er viktig på Island, og når ein får ein meir reel debatt som fokuserer på demokrati og råderett, ikkje berre på valutakurs, kan det gagna nei-sida. Det finst ein islandsk nei-organisasjon, som liknar litt på Nei til EU. Heimsyn er namnet, det tyder utsikt til verda frå heimen. Organisasjonen har ikkje oppdatert heimesida si på ei stund, det er eit dårleg teikn. Vg i dag melder at islandsk fagrørsle vil ha EU-medlemskap. faktum er at det ikkje er avklart, og at kongressen deira seinare i oktober skal ta stilling. Ein del nykkelpersonar i leiinga av LO er derimot positive til EU.

Om det likevel skulle enda med at Island blir med i EU bør ikkje det ha all verdens å sei for den norske debatten. Me får ein EØS-partnar mindre, og nokre spekulerer i at det vil føra til at EØS reforhandlast. Det kan bli ein mindre, teknisk endring for å tilpassa avtaleverket til færre medlemmar, eller det kan bli ei større sak. I så fall kan det i beste fall bety ei betre løysing enn EØS-avtalen av i dag. Truleg blir det berre ei teknisk endring, som i 1995 då EØS-landa Sverige, Finland og Austerrike forsvann inn i EU.  I verste fall, spesielt om ein har ei ja-regjering, kan det aktualisera EU-medlemskap. Sånn sett betyr den islandske EU-debatten fyrst og fremst at det blir endå viktigare å jobba for å sikra nei-fleirtalet i Noreg.

P.S: Artikkelen er oppdatert i form at av preposisjonen på er erstatta med i, (I Island) etter påtrykk frå ein viss halv-islending.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: