Eit år over 50%

20 10 2008

Fann ikkje noko som viste den siste målinga, satt difor inn denne, som er endå litt betre enn den siste.

Fann ikkje noko som viste den siste målinga, satt difor inn denne, som er endå litt betre enn den siste.

No har neisida hatt over 50% på meiningsmålinga om EU i over eit år. Det er veldig gledelig. Men kva vil skje framover?

Nei-sida har hatt simpelt fleirtal mykje lengre enn dette (sidan våren 2005), og har hatt reint fleirtal (over 50%) i eit år. Den siste månden går nei-sida eit par prosent ned. Ja-sida går ikkje tilsvarande opp, dei fleste går over til Veit ikkje-kategorien. Dei neste månadane vil visa om dette er ein trend, eller eit blaff.

I tidlegare tider har økonomiske kriser og uro ført til at nei-sida har gått ned, og ja-sida opp. Det har fyrst og fremst hatt psykologiske årsakar, eller skyldast manglande faktainformasjon hjå dei som snudde.

Mange trur at norsk EU-medlemskap vil føra til at tollen på varer frå Noreg til EU synk, og at det blir skapt fleire arbeidsplassar. Dette er veldig feil, sidan Noreg har hatt tollfri eksport til EU sidan 1973. Einaste skilnad er at den allereie låge tollen på fiskeriprodukt vil gå ned. Det er langt frå nok til å oppvega for alle dei arbeidsplassane i landbruk og tilknytta næringar som vil gå tapt ved ein eventuell medlemskap.

Målingar frå 1994 viste at ein god del nei-folk òg trudde at Noreg økonomisk ville tena på EU-medlemskap. Dei var mot EU likevel, av omsyn til folkestyre, distrikta eller av andre grunnar. Men kanskje nedgongstider gjer det lettare for desse å sei at dei vil stemma ja?

Psykologisk er det sånn at når det går dårlegare i Noreg vil ein del folk ”miste trua” på at det går ann å styra seg sjølve. Dei vil legga meir vekt på dei økonomiske argumenta (som dei trur talar for ja) og mindre vekt på folkestyre-argument (som talar for nei).

Eg las nyleg ein artikkel i det britiske magasinet The Economist. Der stod det om ”The European Unions week from hell”, og at ”EU er ikkje skapt for å denne type kriser”. Det er eit litt anna bilete av EU si handtering av krisa enn det som blir teikna i norske media. Artikkelen viste at det fyrst og fremst er nasjonalstatane som tek grep, og at EU ikkje har nok intern solidaritet til å finna felles løysingar. Noko av det mest konkrete EU har gjort så langt er å suspendera reglane i stabilitetspakten ( den finanspolitiske tvangstrøya som gjer det vanskeleg for euro-landa å bruka statsbudsjettet til å kjempa mot krisa). For så vidt eit positivt trekk, men det understrekar EU-reglar i utgangspunktet som ein del av problemet, ikkje løysinga.

For Noreg sin del må det vera ein stor fordel å stå utanfor euroen, sånn at me kan setta renta etter kva som passar norsk økonomi, ikkje kva som passar eit gjennomsnitt av euro-landa. Faren med ein sjølvstendig valuta er sjølvsagt at kronekursen blir for sterk, men så lenge Svein Gjedrem ikkje stirrar seg altfor blind på inflasjonsmålet pleier det gå greitt.

Dei neste månadane vil verknadane av finanskrise for alvor skylda inn over landet. Truleg kjem arbeidsløysa til å stiga. Difor blir det spanande å sjå om den gamle tendensen til at folk blir meir EU-positive når de går dårleg, framleis held seg.I så fall vil det fyrst og fremst dreia seg om psykologi, ikkje om saklege argument.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: