Eit proteksjonistisk EU?

22 10 2008

Sarkozy vil verna europeisk industri. Det føyer seg inn i rekka av doble standardar i EU sin handelspolitikk.

Kor mykje EU-støtte får eg i dag, seier kua.

Dette kan sjå ut som eit paradoks at Sarkozy vil at EU skal regulera, sidan EU sitt grunnprinsipp er fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft, altså det motsette av proteksjonisme. Men samstundes er det ikkje noko nytt. EU sin jordbrukspolitikk er som kjent sers proteksjonistisk. Dei siste åra har EU og i fleire tilfelle innført toll på klede frå asiatiske land som Kina og Vietnam, for å sikra eigen industri.

Sånn sett er EU sitt prinsipp (når det gjeld handel med resten av verda) ikkje ”fri flyt”, men ”fri flyt når det passar EU, og proteksjonisme når det ikkje passar EU”. Innanfor EU er derimot fri flyt-tankegangen fastlåst, og no vil dei dessutan styrka han med Tenestedirektivet.

Det mest dobbeltmoralske med EU sin handelspolitikk sånn eg ser det, er at unionen krev full openheit frå andre land, samstundes som dei vernar eigne marknadar. Når det gjeld handel med landbruksvarer ser ein det i at EU krev at fattige land opnar sine marknadar for EU sine varer, medan EU sjølve fører ein proteksjonistisk politikk. Attpåtil delar dei ut eksportsubsidiar, som saman med dei ordinære subsidiane gjer at EU-varer kan seljast langt lågare enn produksjonskostnadane eller verdsmarknadsprisen.

Studentar mot EU i Oslo skal forresten visa ein dansk film om dette på Blindern på måndag. Ope for alle interesserte:)

Eg er ein stor ven av norsk landbruk, og at Noreg bør dyrka mat sjølve. Det er ein stor skilnad på å dyrka mat til eige folk, og det å eksportera maten til fattige land og direkte ta marknaden frå fattige bønder. Dessutan er det mange av dei tinga dei lagar i fattige land (som sukker, bananer og tobakk) som me ikkje dyrkar i Noreg. Utanfor EU kunne Noreg ha favorisert varer frå fattige land framfor varer frå EU gjennom tollpolitikken, men dette blir i altfor liten grad gjort.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: