Valdeltakinga: Eit demokrati-termometer

27 10 2008
Valdeltakinga er eit slags termometer for demokratiet sin helsetilstand

Valdeltakinga er eit slags termometer for demokratiet sin helsetilstand

Dagbladet melder at valdeltakinga er venta å bli rekordhøg i USA i år, og at det kan favorisera demokraten Obama. Grunnen til det er at dei gruppene som til vanleg i minst grad stemmer er dei same gruppene som oftast sympatiserer med dei noko meir venstreorienterte Demokratane.

At ulike grupper av folket i ulik grad nyttar røysteretten, er ikkje noko nytt, eller noko sær-amerikansk. I Oslo, kor eg for tida held hus, er den høge valdeltakinga på vestkanten, og den låge valdeltakinga på austkanten, hovudgrunnen til at H og FrP sitt i byråd, ikkje AP og SV. I Noreg har me relativt god deltaking i Stortingsval, men låg deltaking i lokalval. Kommunevalet i 2007 ga ei deltaking på 61,6% på landsbasis, opp 2,6% frå førre kommuneval. Kommunevala har sidan 1979 hatt synkande valdeltaking i kvart einaste val. Spørsmålet er om 2007 blir starten på ein meir positiv trend oppover, eller om valdeltakinga er i ferd med å stabilisera seg på pluss-minus 60%. Det er i så fall eit deprimerande lågt nivå.

Likevel er det langt ned til deltakinga i EU-parlamentsvala. Dei har også hatt synkande deltaking i kvart einaste val sidan det fyrste i 1979. Ved sist val, i 2004, var deltakinga nede i 45% i snitt i EU. Dette trass i at fleire land med stemmeplikt, som Belgia og Luxembourg, trakk deltakinga opp med over 90% oppmøte. Lågast av alle var Slovakia med 16,7% deltaking. Våre nordiske naboar Sverige, Danmark og Finland hadde 38,8, 47,9 og 41,4%.

Den låge deltakinga skyldast ikkje at EU-borgarane ikkje er interesserte i politikk generelt. Tvert om har dei minst like høg deltaking i nasjonale parlamentsval som me har til Stortinget i Norge. I Slovakia stemte til dømes 75,9% i parlamentsval på nittitalet, og Sverige og Danmark har over 80% valdeltaking.

Grunnen til at så få stemmar i val til EU-parlament er rett og slett at dei ikkje greier å setta seg inn i kva som skjer der, og kva politikk dei ulike kandidatane har. EU-systemet er byråkratisk og tunggrodd, og det er ikkje lett å forstå kva sakar EU-parlamentet eigentleg har makt til å avgjera på eiga hand. Samanlikna med den makta dei nasjonale parlamenta har i medlemslanda, har EU-parlamentet lite makt i EU.

EU manglar fullstendig ein felles, demokratisk offentlegheit. Folk kan ikkje fylja med på kva som skjer der nede i Brussel. Det finst ikkje ein felles-europeisk offentleg debatt. Du har ikkje eit felles-europeisk VG eller NRK. Den einaste folkelege felles-europeiske kanalen eg kjenner til er Euro-sport, og det kan du ikkje bygga eit demokrati på. Jo meir makt EU får, jo svakare blir difor demokratiet. Makta flyttast vekk frå det nasjonale nivået, kor folk kan fylja med og påverka, og til EU-nivået.

Utan ein felles demokratisk offentlegheit, og ein felles samfunnsdebatt, er det ikkje muleg å få til noko verkeleg demokrati. Avstanden blir for stor mellom styrande og styrte, og folket svarar med apati eller motstand. Det er neppe tilfeldeg at mange av dei som stemmar i EU-parlamentsvala bryt med sine faste parti, og stemmar på ei rekke protestparti med ei felles sak: EU-motstand. Døme er UK Indepence-Party , og Junilistan i Sverige. Men dei fleste sitt altså heime, i sofaen.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

19 11 2008
en EU-statsborger

Så hvis jeg følger ditt resonnement, det som gjelder for EU-valg gjelder også for Norge.
Dette vil si at siden i Norge er valgdeltagelse i lokalvalget ganske lavt er dette et demokratisk problem, og kommuner og fylker bør avvikles for å gi mer makt til Oslo! (?).

Valgdeltagelse er lavt fordi lokaldemokratiet i Norge er lavt utviklet i forhold til andre europeiske land. I Italia, i Tyskland og i Spania, finnes det direkte demokrati på kommunalt og bydels- nivå! Der er valgdeltakelsen høyere enn i Norge, til tross på at det IKKE finnes pålagt valgdeltagelse i disse landene.
(Les også: Norge er ikke alltid den best).

Det samme gjelder for EU-valget. Deltagelsen er lavt fordi EU-parlamentet har begrenset makt. Og det er takk til de som dere som er mot integrasjon og fellesskap, at parlamentet har fremdeles ikke så stor makt.

En ting til. Siden i mange land finnes det ikke obligatorisk valg, må vi OGSÅ respektere rett til det mindretallet som gjør sin EU-borgerplik.

Å latterliggjøre et demokratisk valg (valg av EU-parlamentet) som du gjør her er ikke så klok. Er du ikke enig?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: