Så kjem bjørnetenestedirektivet…

13 11 2008

Så er det klart. Leiinga i AP køyrer over LO-vedtak, sine regjeringspartnarar, og sin eigen ungdomsorganisasjon AUF  og innfører eit nyliberalt tenestedirektiv, medan Høgre klappar på sidelina. Det er ikkje noko vakkert syn.

 

SV og SP tek ut dissens. Det er eit sterkt signal. Men diverre er det ikkje nok. Jens kan gå til sine ”fiendar” i Stortinget som H og FrP for å få hjelp til å køyra over sine regjeringsvener.

 

Jens Stoltenberg trur meir på EU enn paven trur på Gud, og trur han har garantiar frå EU om framtidig tolking av direktivet berre fordi Barrosso smilte då Jens vitja han i Brussel tidligare i veka. Jens har lova LO at deira krav til direktivet kan innfriast.

 

Diktaren Rudolf Nilsen sa ein gong ”at intet er mer som skrift i sand end løfter om Kjærlighed”. Men det stemmer ikkje. Løfter frå ein norsk statsminister om korleis eit EU-direktiv skal handhevast er endå meir  

 

Jens trur kanskje at han bestemmer alt, men det er ikkje sånn. I EU er det EF-domstolen og EU-kommisjonen som avgjer korleis dette skal tolkast. Kor mykje garantiar om effekten av EØS-direktiv og prinisipp veg har me sett både når det gjeld alkoholpolitikken, heimfallsretten og den differensierte

 

EU-landet Luxembourg hadde ein regel som sa at alle som jobba på offentlege byggeoppdrag skulle få betalt tariffløn. Dette blei klaga inn av bedrifter som hadde lyst til å betala dårlegare. EU dømte, og Luxembourg tapte.

 

Det er jo aburd. Kvifor skal det ikkje vera lov for eit land som vil det å sikra alle som jobbar idet landet like rettar. Men sånn er EU sin fri-flyt-logikk.

 

Med Tenestedirektivet blir Norge endå meir underlagt EU på dette området. Handlingsrommet blir endå mindre enn under EØS-avtalen i dag.

 

Det mest latterlige i dag er likevel når ja-folk som Frank Årebrot klagar over at Noreg innfører EU-direktiv på generelt grunnlag. Det blir som om ein sado-machosist skulle ha klaga over å bli piska.  

 

Kvifor? Fordi desse ja-folka, som klagar sånn over overstyring via EØS, nettopp er ja-folk, og  dei veldig gjerne inn i EU, og dermed måtte fylja dei 83% av EU-reglane som ikkje er omfatta av EØS.

 

Kveldens låt er likevel: I fought the law (the law won )

 

PS: Min favorittartikkel i direktivet er artikkel 16 pkt 2.

 

Denne bloggposten kom litt i hui og hast seint på kvelden etter ein lang dag. Til helga er det landsmøte i Nei til EU, på Hell. Så sant det ikkje blir altfor travelt kjem det sikkert ein ny post derifrå. Dei har jo fått internett der oppe.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

14 11 2008
Kristine

«Jens Stoltenberg trur meir på EU enn paven trur på Gud»
Du sa det!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: