Eit lite døme på kor teit EØS er

11 12 2008
Dette er dei minst farlege deodorantane

Veldig mange deodorantar innheld stoff norske styresmakter trur er helseskadeleg. På grunn av EØS-avtalen kan dei ikkje gjera noko med det.

”- Triklosan er dessverre fortsatt tillatt. Den norske vitenskapskomitéen for mattrygghet kom i 2005 fram til at det var fare for resistens mot triklosan ved bruk i kosmetikk, men EUs vitenskapskomité kom ikke til samme konklusjon. Vi kan ikke endre vår kosmetikkforskrift før EU gjør det, sier Hans Jørgen Thalberg i Mattilsynet.” Sitat frå artikkel i Dagbladet.

Kjernen i EØS er at det skal vera fri flyt av varer, tenester, pengar og folk over grensene. Det vil sei at eit land, som Noreg, ikkje kan laga strengare reglar enn EU som heilskap når det gjeld å forby stoff som kan vera helse – eller miljøskadelege. For EU-systemet er fri flyt-prinsippet vikitgare enn føre var-prinsippet.

Dette problemet ville ikkje vore løyst ved norsk EU-medlemskap. For det fyrste fordi denne type avgjerder ikkje blir tekne av politiske organ, for det andre fordi me uansett berre hadde hatt eit par prosent av stemmane. Løysinga er å gå ut av EØS og heller få ei avtale som ikkje i same grad sett handel framfor miljø.

Dette er kanskje ikkje nokon kjempesak. Det er kanskje ikkje nok til å få det EØS-positive fleirtalet på Stortinget til å snu. Men det illustrerer skremmande godt kva EØS dreier seg om – at EU sine fire fridommar går framfor miljø og folkehelse.

Advertisements

Handlingar

Information

4 responses

12 12 2008
Gerdlijot Mori

Mmmm… Hvor ofte har det vært at «miljø-» og «helselandet» Norge har måtte stramme inn vårt eget regelverk etter at EU har fattet nye vedtak?

Det er på tide å trekke hodet ut av medisinskapet. Det er veldig, veldig sjelden at Norske krav er strengere enn EUs. Dette er snarere unntaket som bekrefter regelen…

12 12 2008
en EU-borger

EU-direktiver fastsetter ofte minimumskrav for saker som ha med helse og sikkerhet å gjøre. Dette hindrer ikke at medlemslandene kan ha en strengere lovgivning, hvis dette ikke blir brukt kun med hensikt til å konkurrer ut produsenter fra andre land (protesjonisme).

For det som gjelder «de 4-frihetene», er Norge ikke lenger en planøkonomi, og ditt land deler nå de samme økonomiske verdiene som er grunnleggende i Europa.

Men du skriver riktig, at dette ikke er en god sak.

Det finnes også masse eksempler, hvor man kan bevise at Norge fikk gjennom EU-direktiver bedre miljøvern og bedre drikkevann (!).

Mattilsynet selv ble skapt etter de samme prinsippene som ligger bak opprettelsen av EFSA (European Food Safety Authority).

14 12 2008
EU-borger

Jeg ser at du har slettet min kommentar. Dette beviser at dere i neitileu liker ikke så godt demokratiet. Dette skremmer meg, særlig fordi dere er den 3. største politiske organisasjonen i dette landet. Jeg skal skrive en kronikk på Morgenbladet om dette.

18 12 2008
toresyvert

Til det siste. Ingen kommentarar er sletta, men ingen blei heller publiserte før no. Av ein eller annan grunn funkar dette bloggprogrammet sånn at kommentarar må godkjennast, og det er ganske lenge sidan eg logga meg inn for å sjå etter kommentarar og generelt oppdatera bloggen. Difor blei dei ikkje publiserte før no.

Det er kan henda kritikkverdig at eg ikkje bloggar oftare, men noko tema for ein kronikk i Morgenbladet er det ikkje.

Til substansen: Ja – i ein del tilfelle fører EØS-direktiv òg til innstraming i reglar om skumle stoff m.m. Dette skyldast i stor grad sjølve dynamikken i EØS-avtalen, nemeleg at det ikkje er lov å laga strengare reglar sjølve. Så lenge eit land ikkje kan gå i front er den einaste måten reglane kan bli betre på når det kjem nye direktiv. ”Dette har ført til en selvsensur
i forhold til utvikling av nytt nasjonalt
regelverk på miljøområdet. Det at
norske myndigheter altså har hatt klare
insentiver til ikke å være bedre enn EF/
EU på miljøområdet, har virket dempende
på kreativiteten og initiativet internt i
miljøforvaltningen”. (Agnethe Dahl i
Claes/Tranøy ”Utenfor, annerledes og suveren”,
1999, s. 141. EØS har altså passivisert miljøpolitikken. Det er ikkje eit argument for å gå inn i EU, men eit argument for å gå ut av EØS.

Så til dette med minimums og maksimumsdirektiv. Ein del av dei direktiva som går direkte på miljø er, som det blir påpeika, minimumsdirektiv (golv). Desse gjer i seg sjølv liten skade, og kan ha positive verknadar. Problemet er at dei fleste direktiva og vedtaka som påverkar miljøet (som truleg reglane rundt deodorantar) ikkje er definert som miljøreglar, men som Indre Marknadsreglar. Då går det ikkje ann å vera strengare, sidan den frie flyten går fyrst.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: