EU-sakar i 2009

2 01 2009

2009 blir eit veldig spanande år for dei som er opptekne av EU-debatten. Både heime på berget og ute på andre berg skjer det mykje som vil vera viktig i lang tid framover. Dette sjølv om målingane held fram med å syna eit stabilt, klart fleirtal mot EU-medlemskap.

Det aller mest spanande blir den irske omkampen om Lisboatraktaten. Irland var som kjent dei einaste landet kor folket fekk sei si meining om EUs nye Grunnlov, Lisboatraktaten. I juni 2008 stemte dei nei. I løpet av hausten 2008 blei det klart at EU ikkje tok eit nei for eit nei, og at Irland må stemma om igjen ein gang før oktober 2009.

Vil irane resignera, og stemma ja ut frå tanken om at det ikkje nyttar å stemma nei sidan dei uansett må stemma på nytt? Eller vil dei bli provoserte av omkampen og mangelen på respekt for folket sitt nei, og stemma nei endå klarare enn sist? Den som lever, får sjå. Blir det ja, blir Lisboatraktaten banka gjennom i heile EU, og utviklinga mot ein stadig tettare union tek eit nytt steg. Blir det nei hamnar EU i ei endå verre legitimitetskrise enn i dag. Korleis den nye tsjekkiske formannskapen vil takla det, er uvisst.

Ei annan spanande ting som skjer i 2009, er valet til EU-parlament. Det finn stad utpå sommaren. Sist val, i 2004, enda med ny botnrekord i valdeltaking i EU-samanheng, 45%. Til no har valdeltakinga gått ned i kvart einaste val til EU-parlament sidan 1979. Det må vel vera verdsrekord? Men blir det sett ny rekord igjen i år, eller vil deltakinga stiga? Og blir det nok ein gong den konservative partigrupperinga som blir den største?

Her i Noreg skal det, som dei fleste lesarane sikkert har fått med seg allereie, òg vera val. I dei siste norske valkampane har EU og EØS-spørsmål spelt ein relativt liten rolle. Vil det endra seg i 2009? Eg meiner at EU er ei av dei viktigaste sakane å diskutera i valkampen, rett og slett fordi det er eit av dei viktigaste spørsmåla landet strå ovanfor. Det er eit klart nei-fleirtal i folket, det bør òg reflekterast i det nyvalde Stortinget.

Det er òg viktig å diskutera dei mange EØS-direktiva det nyvalde stortinget må ta stillinga til. Etter litt fram og tilbake varslar til dømes Liv Signe Navarsete klar motstand mot EU sitt postdirektiv, som vil pålegga fri konkurranse på brev under 50 gr. SV har allereie eit liknande vedtak. Kan AP, V og KrF leva med eit postdirektiv som vil svekka tenestene i distrikta?

Heilt uavhengig av kor vidt EU spelar ein rolle i valkampen vil valresultatet vera avgjerdane for EU-debatten framover. Blir det fleirtal på Stortinget for å senda ein søknad om EU-medlemskap? Og blir det ei ny regjering med sjølvmordsparagraf (som Bondevik II og Stoltenberg II). Eller blir det ei ja-regjering som berre ventar på sjansen til å melda Noreg inn i EU? I så fall står me ovanfor ei gigantisk opptrapping av EU-kampen i Noreg.

Det er mykje som er usikkert. Men det er sikkert at det som skjer i 2009 vil legga liner for utviklinga i EU-debatten i lang tid framover.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: