Den makteslause Europarørsla?

10 01 2009

 
Det er ikkje ofte Morgenbladet trykker saker som får ein til å le, men i den utgåva som kom på fredag var det ei ganske morosam sak, nemleg kåringa av dei ti mest avmektige gruppene/personane i Noreg. På tiandeplass finn me Europarørsla.

 

Juryen si grunngjeving:

10. Europabevegelsen.  De store mediene er EU-vennlige, de største politiske partiene er det. Norge knytter seg stadig tettere til EU via lovgivning, og er snart det eneste landet i Europa som står utenfor. Selv Island trekker nå mot EU. Likevel klarer Europabevegelsen verken å starte noen EU-debatt, forklare EU til det norske folk, eller ha noen stemme i offentligheten. I stedet øker EU-motstanden i Norge, ingen partier tar opp EU-saken, og nye argumenter for EU-medlemskap er knapt lansert i offentligheten siden 1994. Norges ikke-forhold til EU symboliserer Europabevegelsens totale avmakt.

 

Eg veit ikkje korleis folk som er i i Europarørsla oppfattar dette. Eg sjølve hadde blitt veldig lei meg om til dømes Nei til EU blei nemnt på lista over avmektige.

 

Samstundes er eg ikkje sikker på om Morgenbladet har rett. På ein måte viser nei-fleirtalet på målingane at Europarørsla ikkje greier å snu folkemeininga. På den andre sida er det ikkje tvil om at dei har mange mektige vener som kan trekka i mange trådar, og på det viset påverka norsk EU-politikk. Jens Stoltenberg som har kjent uttalt at han ”Er forelsket i EU”, medan Jonas Gahr Støre har sagt at han blir kvalm av å høyra på Nei til EU-leiaren, og at han er betalande medlem i Europarørsla. Så heilt makteslause er kanskje ikkje Europarørsla?

 

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: