Om EØS forsvinn…

14 01 2009

Dette trengst!

Dette trengst!

I dag trykker Dagbladet ei måling Europarørsla har finansiert, som viser eit veldig klart nei-fleirtal. Dette held seg ved like sjølv om Island skulle finna på å bli det 28. EU-landet. Men om EØS går i oppløysing blir det eit knapt ja-fleirtal, 47 mot 41%.

Korleis kan det ha seg at det blir færre som seier nei til EU om EØS plutseleg forsvinn? Eg trur ikkje det skyldast plutseleg abstinenser etter EØS-direktiv, eller at ein saknar at embetsmennene i ESA kan overstyra norske politikarar. Derimot trur eg det dreier seg om frykt for at Noreg ikkje skal få selja varene sine, og tapa stort økonomisk.

Det er ei mykje utbreidd førestilling at det vil skje om EØS forsvinn. Men det har ikkje rot i røynda. For det fyrste fordi Noreg allereie frå 1973 hadde tollfri eksport av industrivarer til EU. For det andre fordi det finst ein ting som heiter WTO, som, på godt og vondt, vil hindra at det reiser seg nye tollmurar mellom Noreg og EU. For det tredje fordi Noreg og EU har gjensidig interesse av å handla og samarbeid med kvarandre. Nettopp i desse dagar ser me kor avhengige EU er av norsk gass. Når det gjeld tradisjonelle industrivarer eksporterer EU meir til Noreg enn omvendt.

Kort oppsummmert: EØS er ei dårleg avtale som bør erstattast av ei tilknyttingsform som gjev mindre overstyring frå Brussel, samstundes som eksportinteressene blir sikra. Difor er det veldig viktig at det kjem ei utreiing om alternativ til EØS, sånn at den reelle debatten kan starta. EU-medlemskap er ikkje eit godt alternativ til EØS, fordi det medfører endå meir fjernstyring på alle dei områda som ikkje er omfatta av EØS (til dømes euro som valuta, landsbrukspolitikk, fiskeripolitikk, utanrikspolitikk, justispolitikk og så vidare)

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: