Nye eksportsubsidier…

24 01 2009

EU vil løysa finanskrisa ved å eksportera problema. No startar dei opp igjen med å gje subsidier til å eksportera mjølkeprodukt til resten av verda, i fylje BBC.

EU-subsidiar har tidlegare mellom anna hatt øydeleggande effekt på mjølkeproduksjonen i fattige land som den Dominikanske republikk. Poenget er at gjennom fyrst produksjonsstøtte og så eksportstøtte blir EU-tørrmjølk billigare enn lokalt produsert mjølk i fattige land. Resultatet er at arbeidsplassar i fattige land går tapt. EU sine eksportsubsidier har tidlegare blitt skarpt kritisert av utviklingsorganisasjonar og fattige land.

Noreg har som kjent eit høgt subsidienivå i landbruket. Men det er ein viktig skilnad frå EU-støtta, nemleg at subsidiene går til å støtta mat til eigen marknad, ikkje til å eksportera til fattige land. Tidlegare ga Noreg eksportsubsidier til å eksportera Jarlsberg til USA, men det er det blitt slutt på.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: