Glødepæra og EØS

27 01 2009

NyTid skriv 23. januar (berre på papir) om glødepæreforbodet som kjem i Noreg så altfor seint. Spørsmålet som ikkje blir stilt i artikkelen er om Noreg, innanfor EØS-reglane, hadde hatt lov til å innføra eit slikt forbod. Som kjent bygg EØS-avtalen på fri flyt av varer, og felles standardar. Då er det eit veldig ope spørsmål kor vidt det ville vore lov å forby sal av ei type lyspære som er fullt lovleg i EU.

Det er kanskje ikkje tilfeldig at ingen av dei landa som blir nemnte i artikkelen som føregangsland i kampen mot glødelampa, som Brasil, Venezuela og Australia, er med i EU. Det er kanskje heller ikkje tilfeldig at sjølv ikkje EU-land som tradisjonelt har vore veldig miljøvenlege, som Sverige, har innført eit slikt forbod. Alle ventar på EU, fordi dei ikkje har lov til å gå i front.

I EU-systemet er prinsippet om fri flyt av varer overordna, og mange miljøkrav på nasjonalt nivå blir hindra av dette. Gjennom EØS er Noreg på mange felt underlagt dette handelsregimet. Dette er ein av grunnane til at Ungdom mot EU vil ut av EØS-avtalen.

For å få til ein miljøvenleg politikk trengst det to ting. Stor nok politisk vilje, og handlefridom til å setta han ut i livet. EØS avgrensar handlefridommen. Så skortar det sikkert på politiske vilje hjå politikarane òg, men det er ikkje sikkert at det aleine hadde vore nok i dette tilfellet.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: