Stolt over Kleppe-nekting

28 01 2009

I dag er det i fleire media ein nyhendesak at leiar for Demokratane Vidar Kleppe ikkje fekk lov til å bli medlem av Nei til EU. Eg er stolt over at Nei til EU nektar han medlemskap.

Dette dreier seg ikkje om innvandringspolitikk eller om integreringspolitikk.

Eit synspunkt som ”Noreg må redusera innvandringa” er heilt kurrant å ha, og kan ikkje kallast rasistisk. Eg er personleg usamd i det, men det har lite med saka å gjera.

Synspunkt som ” Moskeer er brohode for kriminalitet og menneskefiendtlige holdninger, og dette vil øke med et slikt bygg. ” og at ”Somaliarar (som gruppe) er kriminelle ”er derimot ein del av grunnen til at i kvart fall eg synst det er bra at Nei til EU nektar Kleppe å bli medlem. Dette dreier seg ikkje om å vera skeptisk til innvandring, men om å meina at folk som tilhører ei tru er meir kriminelle enn andre. Kleppes muslim-hets gjeld ikkje berre i Noreg. Han har òg teke til orde for at Kosovo ikkje bør få bli eit eige land, sidan det er muslimsk fleirtal der. Det viser tydeleg at det ikkje dreier seg om kven som skal få komma til Noreg, men om kven som er verdt noko.

Det er faktisk ingen menneskerett å bli medlem av Nei til EU. Einkvar organisasjon står fritt til å avgjera kven som får bli medlem i han. Nei til EU har 29 000 medlemmar, med ulik etnisk og politisk bakgrunn. I løpet av 2009 skal dei bli 30 000 medlemmar. Men det skjer utan Kleppe.

Tv2 melder at nestleiar i Demokratane, Arvid Blommedal, blei innmeldt for ei veke sidan. Om det er rett er det ikkje eit resultat av eit medvite val, meir eit resultat av at ingen veit kven som faktisk er nestleiar i Demokratane. Demokratane er som kjent eit så lite parti at til og med minipartiet Raudt framstår som ein gigant i samanlikning.

TV2 melder vidare at det er bråk i Nei til EU. Det stemmer ikkje. Til det veldig få som har meldt seg ut.

Ja-sida elskar å framstilla EU-motstand som noko innoverretta og framandfiendtleg. Difor ville dei ha gnidd seg i hendene om Nei til EU slapp inn Kleppe. Faktum er at sjåvinisme aldri har spelt noko rolle i norsk EU-motstand.

På nei-sida står mellom anna dei mest innvandringsliberale partia på Stortinget, altså V og SV. Det same gjer SOS Rasisme. I boka ”To join or not to join (s 249) ” viser Bent Aardal m.fl at det i EU-røystinga i 1994 ikkje var nokon som helst samanheng mellom framandfiedtleheit og det å stemma Nei til EU.

Advertisements

Handlingar

Information

3 responses

28 01 2009
Jon

Det Kleppe sier er det hold i. Hva vet du om hva som foregår?

Dust!

28 01 2009
Jon

Kosovo er okkupert av Muslimer, les historien bak før du begir deg ut på slike argumeneter.
Somalere er 700 prosent overrepresentert på voldtektstatistikk, og veldig overrepresentert ved vold.

Du er en skam, slutt å lir av deg dine personlige vrangforestillinger.

15 02 2009
Karen

Utrolig bra at Vidar Kleppe ikke får bli med i Nei Til EU. Han er ikke særlig populær her i Kristiansand som han holder til i. Han har grusom politikk som han har planer om å få til i Kristiansand. Han har utrolig grusomme meninger om Islamske troen. Mange innvandrere og andre hater han på grunn av meningene om religioner. Hans meninger om EU er ikke bra. Demokratene får ikke noe stemme fra meg i Kristiansand ved valget til høsten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: