Landsmøte og vaktskifte

6 02 2009


Dei som fyljer Ungdom mot EU har kanskje lagt merke til at det har vore landsmøte. Det var eit veldig fint møte, med langt fleire utsendingar enn det har vore dei siste åra. Møtet var prega av gode debattar om både politisk plattform, EØS og andre ting.

Eg stilte ikkje til attval, seks år i sentralstyret får vera nok. Den nye leiaren heiter Sigrid, og kjem frå Kaupanger (ikkje Leikanger, som eg feilaktig skreiv i ei pressemelding til lokalavisa hennar). Fire av ni sentralstyremedlemmar tok attval, det er langt fleire enn dei siste åra. Ein annan positiv ting er at både den nye leiaren og den nye nestleiaren er nynorskbrukarar.

Mitt einaste verv i nei-rørsla no er at eg sitt som ein av UmEU sine tre representantar i NtEU sitt Råd, som møtast tre gonger i året (landsmøtet inkludert). Med det har eg offisielt blitt det me i rørsla kallar gæmlis. I tillegg skal eg fullføra verneplikta gjennom ca 200 dagar i sivilteneste. Det skal skje hjå Unge Funksjonshemmede. I vekene framover skal eg altså setta meg inn i eit heilt nytt saksfelt.

Denne bloggen blei til fordi UmEU meinte det var viktig at det var bloggar på nett som primært handla om EU-kritikk. Det nye sentralstyret (og den nye leiaren?) får vurdera kor vidt den nye leiaren skal oppretta ein blogg.

Førebels vil desse endringane skje med bloggen min:

1) Bloggen vil etter alt å dømma bli noko sjeldnare oppdatert (med mindre eg får veldig god tid som sivilarbeidar).

 2) Bloggen vil framleis ha eit EU-fokus, men vil vera litt mindre varsam med å bruka argument eller meina ting som Ungdom mot EU ikkje kan meina noko om.

3) Det kan komma til å stå litt meir om allmenne politiske spørsmål, spesielt sidan det snart skal vera Stortingsval.

4) Det kan tenkast at han blir lagt ned etter ei tid, om eg finn ut at det ikkje er noko artig å skriva når eg ikkje representerer andre enn meg sjølve, eller om talet på lesarar går ned sterkt.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

12 02 2009
Odin Omdal Hørthe

YEY for nynorskbrukarar! 😀

Dei er koselege båe tvo jentone. 🙂 Men vert litt rart for resten av verdi, iom. at dei ser på UMEU som det same som Tore Syvert og motsett.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: