Forbod mot krisepakkar?

18 02 2009

No vil EU-kommisjonen gå til sak mot seks euroland fordi dei har for store underskot på statsbudsjettet. Det gjeld Frankrike, Hellas, Irland, Latvia, Malta og Spania.

 

Dette er ganske sjokkerande, og kan vera med på å gjera krisa verre. For EU er det viktigare å fylja sitt doktrinære syn på økonomisk politikk enn å halda arbeidsløysa nede.

 

I nedgongstider er det vanleg at regjeringar aukar forbruket. Eit fersk døme er den amerikanske krisepakka – kor ein aukar det offentlege forbruket samstundes som ein òg gjev skattekutt ( for å auka det private tilbodet). I Noreg har det òg kome ei krisepakke som tek sikte på å stimulera økonomien gjennom å auka offentleg forbruk (bygga jernbane, sykkelvegar, pussa opp skular m.m).

 

Seks EU-land får no streng melding frå EU-kommisjonen om å kutta offentleg forbruk. Det vil sei gjera det motsette av det som det er vanleg å gjera i kriser. Det blir med andre ord ikkje mykje krisepakkar der i garden. Grunnen til at EU kan stilla dette kravet er Pakten som ligg til grunn for Euroen, kor lågt offentleg underskot er eit av krava.

 

EU og euroen er ikkje den einaste grunnen til at desse landa slit økonomisk, og dei har sikkert gjort mykje teit på nasjonalt nivå. Men når EU vil tvinga dei til å ikkje setta i verk tiltak mot krisa, er unionen med på å gjera vondt verre. 

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: