Kva no med datalagringsdirektivet?

20 02 2009

Førre veke passerte datalagringsdirektivet det fyrste hinderet mot å bli norsk lovverk. EF-domstolen godkjente direktivet.

Grunnen til at saka blei teken opp i domstolen var at Irland hadde klaga inn direktivet. Direktivet blei vedteke etter dei stemmereglane som gjeld for Indre Marknadsdirektiv (fleirtalet avgjer), ikkje etter dei justiskpolitiske stemmereglane (større krav om brei semje).

No melder Teknisk Ukeblad at bransjeorganisasjonen IKT Noreg krev ei offentleg utreiing (NOU) om direktivet. Det er eit veldig fint krav, fordi det vil gje

  • Betre tid til diskusjonen, sidan det å laga ei sånn utreiing ikkje er gjort i ei handvending.
  • Betre sakskunnskap og betre vilkår for ein offentleg debatt.

IKT Noreg er mot direktivet av ulike grunnar. Som telefonselskap og nett-leverandørar er det ingen tvil om at direktivet vil påføra dei ekstrakostnadar i hundremillionarsklassen (som dei garantert vil senda vidare til kundane sine). I tillegg bruker dei personvernargumenta.

Det finst ei stor misforståing i debatten om datalagringsdirektivet. Det er at om vetoretten blir brukt til å hindra at direktivet blir innlemma i norsk lovverk så kan det føra til at EØS-avtalen går i oppløysing.

Eg personleg er veldig imot EØS, og hadde ikkje grått om avtalen forsvann og blei erstatta av ein samarbeidsavtale som førde til mindre fjernstyring frå Brussel. Men det vil ikkje skje som fylje av eit veto mot datalagringsdirektivet.

Vetoretten er nettopp det, ein rett. Ein rett som er skreve inn i avtalen. Det er òg regulert kva slags sanksjonar som kan settast i verk frå EU si side om Noreg legg ned veto. Her finn du eit faktaark om vetoretten.

Poenget med EØS er like reglar om handel og sånt. Om Noreg gong etter gong la ned veto, kunne det på sikt øydelagt EØS. Men å bruka vetoretten varsamt vil ikkje skada avtalen. Spesielt ikkje å bruka vetoretten på eit så perifært område innanfor EØS som overvaking. Det hindar ikkje akkurat handelen mellom Noreg og EU at me har litt mindre overvaking enn dei.

Min konklusjon blir at vetoretten må brukast, og at kravet om ein NOU er veldig bra, fordi det kan gi betre grunnlag for ein debatt.

Oppdatert: No skriv digi.no at saka blir dyssa ned i forkant av Stortingsvalet. Det er i så fall veldig trist. Taparen blir personvernet.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: