Ja-propaganda fra ung.no

25 02 2009

”Den europeiske union – EU – er et unikt samarbeid som oppsto etter den andre verdenskrig med ett hovedmål: å hindre at europeiske stater igjen skulle gå til krig mot hverandre.”

”EU består av demokratiske land som frivillig samarbeider om å gjøre Europa bedre å bo i.”

Nei. Desse sitata er ikkje henta frå Europarørsla si heimeside eller frå nettsida den EU-ambassada i Noreg. Dei er henta frå sidaung.no som gjev norsk ungdom god og sakleg info om dei aller fleste ting dei måtte trenga å vita. (alt frå adopsjon til økonomi).

Sida er dreven av BUFETAT, som ligg under Barne og Likestillingsdepartementet. Eg synst dette er temmeleg grov propaganda frå ein offentleg etat.
Eg vil sjølvsagt ikkje at det i staden skulle stått

”Den europeiske union – EU – er skapt for å sikra at frihandel blir prioritert framfor miljø og arbeidstakarane sine rettar. EU er ein overstatleg union som liknar meir og meir på ein stat. ”

Eller
”EU er ein udemokratisk union som flyttar makta lengre vekk frå folk, og inn bak lukka dører i Brussel. ”
Det som burde stått var sakleg, ikkje-partisk informasjon. Ikkje ting som høyres ut som argument for ja eller nei-sida. I den grad ein skulle involvert ja og nei-sida burde ein ha lenka like mykje til begge sider, i staden for som sida i dag gjer, berre lenka til hefte, spel og anna frå EU og jasida.
Det er ikkje den norske staten sin oppgåve å driva propaganda for EU. Det greier Europarørsla og EU-ambassaden å gjera meir enn godt nok sjølve.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: