Kor går Venstre?

9 03 2009

Landsstyret til Venstre har med ganske klart fleirtal gått inn for at partiet framleis skal seia nei til EU. Eg er positivt overraska, men trur det vil bli mykje jamnare på sjølve landsmøtet.

Tidlegare har programkomiteen med klart fleirtal gått inn for at partiet skal snu til Ja. Sist vann nei-sida med fem-seks stemmar. Ja-fløyen har vore mykje meir aktiv, i kvart fall offentleg. Men kanskje nei-fløyen har lagt opp ein lurare strategi, nok ein gong?

Sjølv om eg ikkje stemmer Venstre, meiner eg sjølvsagt at størstedelen av Venstre sin ideologi bør tala for at dei framleis skal sei nei til EU.

  • Folkestyre: Venstre var partiet som innførte folkestyre i Noreg, gjennom parlamentarismen. Då ville det vore litt ironisk om dei sa ja til at Noreg skulle bli med ei ein union kor stadig meir makt blir flytta stadig lengre vekk frå folk.
  • Miljø: Venstre er truleg det nest mest miljøvenlege partiet. Utanfor EU har Noreg større fridom til å føra ein aktiv miljøpolitikk, til dømes forsvarleg fiskeriforvaltning. (Men det er ingen garanti for at me gjer det, det avheng av kor mykje makt dei ulike partia og interessegrupperingane har).
  • Sentraliseringsskepsis: Venstre har alltid vore for desentralisering av makt (i kvart fall i statleg samanheng). At EU er sentralisering av makt, kan vel dei færraste sei imot.

Det punket i Venstre sin ideologi som talar mest for EU-medlemskap er trua på marknadskreftene. Men no er vel ikkje akkurat Noreg nokon planøkonomi utanfor EU heller. Dessutan, når det gjeld handel med u-land kan me mykje lettare fjerna toll på u-landsvarer i norske butikkar om me ikkje er ein del av EU sine felles tollmurar.

Eit gamalt ordtak er at ”Ingen veit kor haren hopper”. I denne samanheng kan det kanskje oppgraderast til ”Ingen veit kor Sponheimen hopper”. Til og med då EU-saka blei handsama i Sponheim sitt eige Landsstyre nekta han å stemma ja eller nei. Han vil halda på spenninga heilt til han held sin landsmøtetale. Dette er veldig lurt, i kvart fall om målet hans er å få så mykje merksemd som muleg frå media. Om målet hans er å påverka delegatane på møtet til å stemma som han vil er det nok ikkje lurt. Dei fleste av dei har vel bestemt seg før dei kjem på møtet, hadde han støtta ei av sidene i debatten i forkant kunne han nok ha spelt ei større rolle.

Heilt sikkert er det i kvart fall at partiet ikkje blir splitta på same måten som i 1972, uansett kva utfallet blir. Ja-folk og Nei-folk kan leva godt med kvarandre innad i partiet. Men dei kan nok risikera litt avskalling av veljarar og sympati i den eine eller andre retninga uansett. Ein del urbane, marknadsorienterte  kan nok komma til å vurdera å stemma Høgre i staden om Venstre framleis blir nei, medan ein del sentrumsorienterte bygdeveljarar kan komma til å stemma SP i staden om Venstre blir ja. Kva gruppe som er størst er ikkje godt å sei.

Venstre vil nok i lang tid framover vera usamde i EU-saka. Det dreier seg ikkje om ei rein generasjonskonflikt mellom unge ja-folk og gamle nei-folk. Konfliktlinene går heller ikkje reint mellom urbant ja og ruralt nei. Odd Einar Dørum er til dømes ikkje så veldig rural, men veldig nei. Det  er slett ikkje alle unge Venstre-medlemmar som er like EU-glade som Unge Venstre. (Legg merke til den presise bruken av små og store bokstavar og skilnaden mellom eigenamn og adjektiv i setninga forran. Norsklæraren min ville ha vore stolt. ) Til dømes er det to Venstre-medlemmar i Ungdom mot EU sitt nye Landsstyre.

Venstre er kanskje ikkje det største partiet i Noreg, men det rommar mange ulike syn på EU.

Advertisements

Handlingar

Information

4 responses

9 03 2009
sentrumskonservativ

Hvilket parti er det mest miljøvennlige?

9 03 2009
Tom

EU-Nei er grunnen…

… til at jeg ikke klarer å engasjere meg aktivt i Venstre.
Alle de taktiske eller økonomiske argumentene gir meg en guffen, nasjonalistisk smak i munnen.
EU-motstanderne er i godt selskap med de fleste bevegelser på ytre høyre fløy i Europa, og det er virkelig trist at ikke norske politikere ser forbi «hva medlemskap koster», og får øynene opp for EU som det viktigste fredsprosjektet de siste 100 år.

Selvfølgelig vil det kortsiktig økonomisk sett lønne seg for Norge (som et vannvittig rikt land) å stå utenfor, men det er da virkelig ikke det dette handler om!

Heldigvis finnes det nye, tenkende krefter i Venstre som kan slå en kile i den brokete forsamling av nei-folk i sentrum.

Jeg sier: Stå på Unge Venstre! Medlemskap = Solidaritet.

Tom (50)

9 03 2009
toresyvert

Det finst sjølvsagt ikkje noko fasitsvar på kva parti som er mest miljøvennleg, men dei fleste undersøkingar som er gjort gjev V og SV høge plassar. Sjå til dømes http://www.rogaland.naturvern.no/data/f/1/08/67/1_2401_0/Rygjavern_2-2007.pdf og http://www.bt.no/valg07/article399466.ece?start=1 .

For ein analyse av korleis parti plaserer seg langs vern-vekst-aksen, sjå her: http://www.politiskanalyse.no/analyse.asp?show=168

Eg er SV-ar, og meiner at SV er det mest miljøvenlege partiet (av dei som sitt på Stortinget i dag i kvart fall). Men partiet har a) heldegvis ikkje monopol på god miljøpolitikk, og b) dessverre ikkje fått fullt gjennomslag i regjeringa.

9 03 2009
Per Magnus

Det som er mest spanande og nytt med innstillinga frå LS er at ein går inn for to avstemningar:

Vedtaket:
«Det ligger ikke til rette for å starte en ny EU – debatt i Norge de nærmeste årene. Derfor vil Venstre at Norge skal videreutvikle samarbeidet med EU basert på EØS – avtalen.

Hvis spørsmålet om EU – medlemskap blir aktualisert, er det et ufravikelig prinsipp for Venstre at det bare kan avgjøres av Stortinget etter en ny folkeavstemning. Både spørsmålet om eventuelle forhandlinger med EU om medlemskap, og en eventuelt ferdig forhandlet avtale må legges fram for det norske folk i to separate folkeavstemninger. Utfallet av disse vil være bindende for Venstres stortingsrepresentanter.»

I tillegg er det slik at fleire ja-folk har gått med på dette vedtaket (rykta seier at m.a. Torhild Skogsholm har gjort det). Det er óg slik at laga Hedmark, Østfold, Aust-Agder, Vest-Agder har snudd frå nei til ja, MEN fleirtalet av delegatane frå desse fylka er mot norsk EU-medlemskap. I tillegg var det i alle desse fylka medlemmar som ikkje ville ha standpunkt. Østfold hadde til dømes 14-13-10 (Ja-Nei-Vil ikkje). Difor trur eg at dette vert ståande eller at alt om EU forutan folkeavstemning vert stryke, slik m.a. Troms og Møre og Romsdal ville før landsstyremøtet i alle fall.

Eg spår at Sponheim kjem med eit nytt bilete på hovud og hjarte og lar ein av dei styre og at han framleis er «tvilar, men..» og at Venstre vil vere mot EU-medlemskap no (fordi spørsmålet ikkje er aktuelt) og for 2 avstemningar.

Dessutan viser målingar at hovudgrunnane til å stemme Venstre er småbedrifter, skole, miljø og Sponheim, ikkje EU.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: