På møte igjen…

14 03 2009

Konferansebanner

Denne helga har Nei til EU landskonferanse og rådsmøte. Landskonferansen skal handla om EU som sak i valkampen i 2009. Til å vera ein landskonferansen er han veldig kort, berre fem timar. Truleg vil det føra til at det kjem færre frå heile landet for å sjå han.

Til gjengjeld har ein lagt til rette for nett-overføring av konferansa. Det vil sei at folk over heile landet kan sitta og sjå konferansen på internettet. Internettet er jo ein fantastisk nyvinning 🙂 Eg tvilar på at veldig mange kjem til å nytta seg av dette høvet, men det blir spanande å sjå. Om du vil testa det, kan du gå inn her.

Eg har faktisk ingen verv i nei-rørsla for tida, utanom at eg sitt som representant i nettopp Rådet, som har møte etter landskonferansen. Det er eit organ kor dei ulike fylkeslaga har to representantar kvar, samt at UmEU har tri, og så sitt Styret og 20 landsmøtevalde representantar frå ulike nei-miljø.

Denne helga skal rådet mellom anna diskutera kva spørsmål ein skal stilla stortingskandidatane før valet. Svara på desse spørsmåla blir offentleggjort i valkampen. I denne saka har mange sine kjepphestar, anten det er EØS, Postdirektivet, Sosial Dumping eller Schengen. Min personlege kjepphest er at det må stillast ganske få spørsmål.

Fordi

  • Jo fleire spørsmål, jo færre kandidatar gidd å svara.
  •  Jo fleire spørsmål, jo mindre merksemd gjev publikum det viktigaste spørsmålet ”Er du for eller mot norsk EU-medlemskap”
  • Jo fleire tradisjonelle spørsmål kor me på førehand veit kva alle meiner, jo mindre interessant informasjon kjem fram.

Men eg tippar at Rådet kjem til å gå inn for å stilla eit heilt batteri av spørsmål.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

19 03 2009
Erik Dale

Du angriper jo saken helt feil. Problemet med norsk EU-debatt er nettopp at den kun handler om «Er du for eller imot medlemsskap?». Slik drukner debatten som datalagringsdirektivet og andre viktige saker. Hvis du ikke tør å ta debatten om disse sakene bør du kanskje vurdere om du har grunnlaget for nei-standpunktet ditt.

Siterer følgende innlegg fra Venstres medlemsblad:

«Torbjørn Dahl, Heine Århus og Ingebjørg Nordbø vil at Venstre fortsatt skal si nei til EUmedlemskap. Jeg ber Dahl, Århus og Nordbø som snakker om at EU strider mot Venstres grunnleggende prinsipper om demokrati om å være med på et tankeeksperiment. Forestill dere at dere er kommunestyrerepresentanter i en liten kommune i Norge. La oss kalle kommunen for Lykkeøya. Lykkeøyas kommunestyrerepresentanter har ingen reell demokratisk makt, fordi de må ta innover seg alle beslutningene og direktivene som fattes i kommunestyret til den store nabokommunen Bjørnebakken. Den eneste påvirkningsmuligheten Lykkeøya har er å lobbe mot kommunestyret, formannskapet og administrasjonen i Bjørnebakken. Er det demokrati?

Det er i den situasjonen Norge er nå gjennom EØS-avtalen. Det er klart Venstre bør si ja til EU – for nettopp demokratiets og påvirkningens skyld.»

Og ikke kom dragende med de pokkers bilaterale avtalene. De er et siste liten argument fra en nei-side som er tom for drivstoff.

19 03 2009
toresyvert

Eg er veldig for å diskutera direktiva og einskildsakane. Til dømes er det veldig bra at Venstre tek opp datalagringsdirektivet. Spesielt i ein situasjon som i dag, med klart nei-fleirtal i folket, er det viktig å diskutera direktiva, og ikkje berre ja-nei til EU.

Nei til EU kjem til å spør kandidatar frå alle parti om kva dei meiner om nettopp datalagrignsdirektivet, og spreia svara.

Dømet med øya er ikkje godt, fordi
a) EØS berre omfattar rundt 15% av EU sine vedtak. Me har større fridom på mange område som ikkje er omfatta av EØS. EØS er, trass sine problem, mindre skadeleg for demokratiet enn EU-medlemskap.
b) Sjølv om du ikkje liker det finst det alternative tilknyttingsformer til EU enn EØS. Nei til EU meiner at det etter valet bør settast i gong ei NOU om alternativ til EØS. Spesielt om du meiner at EØS er så ille bør du støtta eit slikt krav.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: