Kven snakkar mest om EU?

19 03 2009

VG har for ein gongs skyld skreve noko litt interessant, dei har nemleg talt kor ofte partileiarane bruker visse ord. Mellom anna har dei talt kor ofte ord som EU og Europa blir brukt.

Eg blei eigentleg litt overraska over tala. Dei syner nemleg at Kristin Halvorsen snakkar mest om EU. At Halvorsen er ein tydeleg og overtydd EU-motstandar er ikkje noko nytt, men at ho snakkar meir om unionen enn sjølvsagt Åslaug Haga er kanskje ikkje i tråd med kva folk ventar av dei. I tillegg seier ho Europa flest gonger, heile seks gonger. Myta om at EU-motstandarar ikkje er opptekne av det som skjer på det kontinentet Noreg òg er ein del av blir ikkje akkurat styrka av desse tala.

I dag startar landsmøtet i SV, og Kristin Halvorsen skal halda ei ny landsmøtetale? Kor mange gonger kjem ho til å nemna SV, mon tru? Om regjeringa skulle få fleirtal i valet, og halda fram, vil det komma mange EU-drakampar i regjeringsforhandlingane og neste fireårsperiode.

  • Skal Noreg godta EU sitt postdirektiv, som vil føra til svekka posttilbod i distrikta?
  • Er tida inne for å laga ei NOU om EØS og alternativa til avtalen?
  • Skal me godta datalagringsdirektivet, og det overvakingssamfunnet det vil føra til?

Skal nei-sida vinna gjennom i desse sakane er me avhengige av at SV og SP står på (eller at V og KrF gjer det om dei hamnar i regjering).

Kva så med dei andre partia?

Når det gjeld at Jens Stoltenberg ikkje snakkar serleg mykje om EU er det nok fordi han er smart. Smart nok til å ikkje snakka om ei sak kor dei fleste veljarane hans, regjeringspartnarane og AP sin eigen ungdomsorganisasjon er usamde med han.

Erna Solberg nemnte visstnok EU berre ein gong. Det er litt rart, fordi ein skulle tru at Høgre var det einaste partiet som hadde interesse av å reisa EU-debatten på nytt, sidan dei fleste av veljarane deira er for. Når ho seier Europa tri gonger, kan det jo vera at ho har sagt Europa når ho meiner EU. Denne talefeilen er vanleg hjå overtydde ja-folk.

Sikkert er det i kvart fall av Sponheimen kjem til å måtte nemna EU litt fleire gonger i landsmøtet i april. Då skal han jo røpa kva han meiner om unionen. Siv Jensen kjem nok til å halda EU-frekvensen på eit lågt nivå i neste landsmøtetale òg.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: