Slutt på lik sendetid i Irland?

3 04 2009
Irske ja-politikarar vil gjerne sjå mindre av denne mannen på TV

Irske ja-politikarar vil gjerne sjå mindre av denne mannen på TV

Juni 2008 stemte irane nei til Lisboatraktaten. Dei er det einaste EU-landet kor folket blei spurt. Sjølv om alle partia i parlamentet utanom eit var på Ja-sida, stemte 55% nei. Dette var ein stor siger for alle som er skeptiske til eit endå meir føderalt EU.

I fylje EU sine reglar er nye traktatar daude når eit land har stemt nei. Men dei reglane blir ikkje fylde. I staden skal Irland ha ei ny folkerøysting, om akkurat den same traktaten som dei stemte nei til sist. Det er ikkje gjort nokon juridiske endringar i traktaten.

Pr i dag har Irland eit slags stoppeklokkesystem, som sørger for å fordela taletida og sendetida i forkant av folkerøystingar ganske likt mellom partane. Dette var med på å sikra at nei-sida fekk komma til orde i debatten om Lisboatraktaten, sjølv om media var for traktaten. Men det kan no sjå ut til å stå for fall, for å sikra ja-sida sigeren i omkampen om Lisbaoatraktaten.

Konsitusjonskomiteen i det irske parlamentet har nemleg gjort framlegg om å endra desse reglane. Dei seier det er ”upraktisk” at begge partar skal ha like mykje sendetid.

Nei-organisasjonar i Irland rasar over rapporten. Dei peiker på at det berre satt ja-folk i komiteen som laga han.

Det er òg klart at EU-kommisjonen skal bruka 20 millionar kroner på ein ”informasjonskampanje” på Irland i forkant av røystinga.

Når makta ikkje får det som ho vil, så endrar ho spelereglane og prøvar på nytt. Hadde eit eller anna land i den fattige verda gjort noko tilsvarande, ville norske media vore veldig kritiske. Men når det er EU er det nok best å halda kjeft.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: