Kor går Venstre og Sponheim?

24 04 2009

I dag er det landsmøte i Venstre. Dei skal mellom anna ta stilling til EU. Eg synst det er mange gode grunnar til at dei bør halda seg på nei-sida.

Miljø: Venstre er eit miljøparti, og bør difor vera mot EU. EU-medlemskap vil gjera det vanskelegare å føra ein aktiv miljøpolitikk, og tala med ein sjølvstendig stemme i globale klimaforhandlingar.  Her kan du lesa om kvifor til dømes Natur og Ungdom er mot EU

Folkestyre: Venstre innførte meir eller mindre på eigenhand demokrati i Noreg (for meir enn hundre år sidan altså, det var ikkje Sponheim som gjorde det). EU blir meir og meir av eit fåmannsvelde. Det er ikkje berre noko Ungdom mot EU i Noreg seier, det same seier nemleg den belgiske regjeringa. Og det er venta ny botnrekord i deltaking i EU-parlamentsvalet til sommaren.

Den nyliberalistiske tenketanken Civita har ”forska” og funne ut at Venstre vil få 50% meir oppslutnad om dei blir for EU. Dette trur eg er eit partinnlegg, Civita er tett knytta til den fløyen som har dominert Unge Venstre i det siste, som er dei ivrigaste EU-tilhengarane i landet.

I ei tid kor nei-fleritalet er klart over heile landet (med eit muleg unnatak for Oslo Vest og Bærum) er det vel grunn til å tru at det å gå til ja-sida ikkje vil vera noko vellukka veljarfrieri. Eg trur Venstre vil gå i null same kva dei veljer. Blir dei ja vil dei ta nokre veljarar frå Høgre eller høgresida av AP, held dei seg på nei-sida vil dei lettare kunne ta veljarar frå SP og SV.

Eg trur at Sponheim har nsudd og er blitt ja. Dette er ein rein spekulasjon. Eg bygg han ikkje på rykter, berre fri tenking.Til dømes har Sponheim blitt ein ivrig tilhengar av å slå saman kommunar, det er litt av den same logikken som EU-tilhengarar plar bruka – jo større jo betre. Dessutan liker Sponheim å irritera Senterpartiet, det gjer han jo òg om han blir for EU. Dessutan sa han tidlegare at hjerta sa ja, og hjernen (eller var det lommeboka) sa nei. Og dei fleste vil jo framstilla det som om dei fyljer hjertet sitt (sjølv om det eigentleg er Høgre dei fyljer).

Eg fryktar det verste, men håpar det beste.

Uansett trur eg Venstre vil vera splitta i EU-saka, anten det blir 52 % ja og 48 % nei eller omvendt. Og eg trur ikkje at det vil føra til at folk blir generelt blir meir for EU Det er ikkje sånn at når folk er i tvilom kva dei skal meina om ein ting spør dei seg ”Kva meiner Lars Sponheim?”.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

24 04 2009
Bob

«Det er ikkje sånn at når folk er i tvilom kva dei skal meina om ein ting spør dei seg ”Kva meiner Lars Sponheim?”.»

What would Sponheim do?

Det blir mitt nye motto 🙂

24 04 2009
Kristine

Eg er utruleg spent på korleis det går med voteringa. Men eg får sei som deg, eg fryktar det verste og håpar det beste.

Godt innlegg 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: