Snart val til EU-parlamentet

13 05 2009


Nokon har kanskje fått med seg at det snart skal vera val til nytt EU-parlament. Ikkje alle, rett nok.

Om eg finn det for godt kjem eg til å skriva litt om EU-parlamentsvalet i ulike postar framover. Ikkje  fordi valet er kjempeviktig, men fordi det kan verka som ein slags meiningsmåling, både om EU og andre ting. Ein del problemstillingar reiser seg.

Kjem valdeltakinga til å synka eller stiga?

Til no har deltakinga gått ned i kvart einaste EU-parlamentsval, sidan det fyrste i 1979. I 2004 endte deltakinga på 45% i snitt, trass at fleire land med stemmeplikt trakk opp deltakinga. Mange nei-folk argumenterer for at den låge valdeltakinga syner at EU ikkje kan bli demokratisk, fordi ein ikkje kan ha eit folkestyre utan eit folk. Eg tippar at valdeltakinga kjem til å gå endå meir ned, men det er slett ikkje sikkert.

Korleis går det med Libertas og andre Brussel-kritiske parti/lister?

Den irske politikaren og forretningsmannen Ganley har starta eit tverr-europeisk parti kalt Libertas. Han legg veldig vekt på at han er pro EU, samstundes som han kjeftar på nesten alt EU gjer, og vil ha eit heilt anna EU. Han blei engasjert i politikk gjennom sin motstand mot Lisboatraktaten. Sjølv om han neppe hadde følt seg veldig heime i Nei til EU er han ikkje så gal eller sprø som kritikarane vil ha det til. Det blir i kvart fall veldig spanande å sjå om partiet frå mange stemmer. Det er det fyrste partiet som er danna på internasjonalt nivå, og har si forankring i EU-politikk. Det reiser ein del interessante problemstillingar frå ein EU-motstandar sitt perspektiv. Eg trur Libertas kjem inn i EU-parlamentet, men dei når neppe målet om 100 mandat.

Førar finanskrisa til at venstresida styrkar seg på kostnad av dei konservative eller dei liberale?

Nokon vil hevda at finanskrisa vil svekka høgresida sitt truverde, og gjera at fleire stemmar på sentrum-venstre. Samstundes sitt høgresida med regjeringsmakta i dei fleste EU-landa. Ofte blir val til EU-parlamentet brukt til å protestera mot den sittande regjeringa i heimlandet. Vil den eine eller den andre eller begge faktorane føra til at høgresida går ned, og venstresida opp? Eller er ikkje verda så mekanisk?

Det finst ei eiga nettside som prøver å spå korleis det går. www.predict09.eu/ Kjekt for EU-nerdar.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

13 05 2009
Sentrumskonservativ

Dersom jeg hadde bodd i et EU-land, ville jeg definitivt gitt min stemme til uavhengighets-/demokratigruppen (IND-DEM). Spesielt i Storbritannia gjør denne gruppen, der representert ved UKIP, det bra i Europaparlamentsvalg. I år er det faktisk en mulighet for at partiet slår Labour. Det skulle være spikeren i kisten for Gordon Brown! Så bra det ville ha vært. Kanskje kan da de konservative ta over, slik at Storbritannia får en folkeavstemning om Lisboa-traktaten før den er ratifisert av Irland, Tyskland, Polen og Tsjekkia.

14 05 2009
toresyvert

Til siste: Tory-partiet i UK har jo til og med lova å ha folkerøysting om ei reversering av Lisboatraktaten sjølv om han skulle bli ratifisert i dei andre landa før dei (eventuelt) kjem til makta. Høgre har noko å læra….

EU-parlamentsvalet er jo ein av dei få sjansane folk i EU har til å protestera mot den sentraliseringa av makt som EU-systemet representerer, og ein kan jo til dømes protestera gjennom å stemma på parti som er kritiske til EU (som Junibevegelsen i DK og Sverige og Libertas) eller heilt mot (som UKIP og Folkebevegelsen mod EU i DK).

Samstundes er paradokset at det jo er gjennom den nasjonale politikken at det blir avgjort kor mykje makt EU-systemet skal tildelast. Og der stiller ikkje dei EU-kritiske listene i serleg grad (av gode grunnar, sidan dei er bygd på konfliktlinja for-mot EU og difor har lite grunnlag for å finna felles meiningar om skattepolitikk, ulv eller arealforvaltning). EU-kritikarane blir innvald i EU-parlamentet, som ikkje avgjer kor mykje makt EU skal ha på kostnad av medlemslanda.

Trass dette er det likevel bra å ha EU-kritikarar i EU-parlamentet, fordi det kan brukast som ein talarstol, og fordi ein får tilgang på mykje informasjon. Men det er eit lite paradoks at folk sin fremste sjanse til å protestera mot EU er å stemma inn kritikarar i eit parlament som i veldig liten grad avgjer kor mykje EU skal styra. nettopp derfor er det så trist at ikkje fleire land held folkerøystingar når det kjem nye traktatar som gjev endå meir makt til Brussel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: