Ny botnrekord?

30 05 2009

Til no har valdeltakinga gått ned for kvart einaste val til EU-parlamentet sidan det fyrste i 1979. I 2004 blei ein førebels botnrekord satt, med 45% valdeltaking. Dette trass i at fleire land, med stemmeplikt, har over 90% deltaking.

Om eit par veker er det nytt EU-parlamentsval. Det kan godt komma til å bli ny botnrekord i valdeltaking. Det er verdt å merka seg at valdeltakigna fyrst og fremst er låg i val til EU-parlament. I val til parlamenta i sine eigne land stemmar folk i mykje større grad. Dei bryr seg om politikk, men synst EU-parlamentet er for langt vekke, og at det er manglande offentlegheit rundt det.

Desperasjonen rundt EU-parlamentsvalet er tydelegvis i ferd med å ta overhand, og no kan ein til og med få stemma om bord i fly. Det skal rett nok ikkje EU ta på si kappe, det er eit pr-stønt som eit flyselskap sjølve har kome på.

Eit anna, meir omfattande, grep stadig fleire land tek er å legga lokalval til same dag som EU-parlamentsval, for å trekka folk opp av sofaen for å stemma på lokale saker og få dei til å slenga ein stemme til EU-valet i urna i same omgang. Så mykje for å engasjera folk i EU-politiske debattar.

Eg meiner at den låge valdeltakinga i EU-parlamentsvalet fyrst og fremst viser at EU er eit eliteprosjekt utan folkeleg forankring. Avgjerder bør takast så nær dei det gjeld som råd, ikkje sentraliserast i Brussel.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: