EU-parlamentsval aust for Svinesund

1 06 2009

Norsk media er mest opptekne av å skriva om Piratpartiet i EU-parlamentsvalet i Sverige. Det kan eg for så vidt forstå, då kan ein illustrera artiklane med artige bilete av folk med piratflagg. Men det finst kanskje viktigare spørsmål?

EU-parlamentsvala blir sett på som lite viktige for veljarane, og det fører ofte til uventa vinarar eller såkalla einsaksparti som kjem inn. Det skjedde i 2004. Den store vinnaren ved førre EU-parlamentsval var Junilistan, ein avleggar av danske Junibevægelsen. Junilistan seier ikkje at Sverige skal melda seg ut av EU, men vil jobba mot Lisboatraktaten, Euro og for at EU skal ha mindre makt over svensk politikk. Toppkandidatane deira har erfaringar frå sentrum-venstre og sentrum-høgre i svensk politikk. Dei meiner at EU-parlamentsvalet ikkje fyrst og fremst er ein kamp mellom høgre og venstre, men ein kamp mellom meir eller mindre EU. Junilistan har funnetal som viser at Moderatarne (Sverige sitt Høgre) og Sossarna (Sveriges AP) stemmer likt i ni av ti avrøystingar i EU-parlamentet. Det er ganske overraskane tal.

Junilistan ligg an til å gjera eit dårleg val, folk har kanskje ikkje fått med seg så mykje av kva dei har gjort nede i Brussel. Utanom når det er EU-valkamp skriv svenske aviser ganske lite om EU-parlamentet. Så om Piratpartiet skulle komma inn i EU-parlamentet kan det godt henda at deira skute kjem til å seila på eit skjær i Brussel og bli ståande der. Litt som det ser ut til å ha skjedd med Junilistan. Og kva i all verda skal Piratpartiet stemma i dei 99,9% av sakane som ikkje dreier seg om digitale rettar.

 Ein interessant debatt ser ut til å ha gått føre seg i det svenske Nei til EU, Nej till EU. Skal ein oppmoda om å stemma på EU-kritikarar, eller bør ein oppmoda folk om å boikotta valet? Dei ser ut til å ha endt med eit slags kompromiss, gjennom å sei ”Boikott eller stem på ein EU-kritikar”.

Grunngjevinga frå dei som ynskjer boikott er at EU-parlamentet er med på å gje EU eit demokratisk alibi, samstundes som det framleis ikkje er noko demokrati. Jo lågare valdeltakinga blir, jo mindre demokratisk legitimitet vil EU ha. Dei vil òg argumentera med at det ikkje spelar nokon rolle å ha mange EU-motstandarar i EU-parlamentet, sidan parlamentet har lite makt, i kvart fall over spørsmål som Lisboatraktaten, Euro og kor mykje makt EU skal ha over medlemslanda.

Dei som meiner at EU-motstandarar likevel bør stemma til valet til EU-parlamentet, og vil bruka stemma si til å å inn EU-kritikarar, meiner at det er viktig å ha folk i EU-parlamentet som kan få innsikt i alt som går føre seg der. I tillegg er mange kanskje medlem eller aktive i politiske parti som Vänsterpartiet eller Miljøpartiet, og det er vanskeleg for folk å oppmoda til å ikkje stemma på partiet sitt. Spesielt når partiet er eining med mesteparten av det Nej till EU meiner.

Miljøpartiet, som er sers EU-kritisk, me har gått vekk frå eit direkte krav om utmelding, ligg ann til å gjera eit veldig godt val. SV sitt systerparti, Vänstern, slit med å halda dei to mandata dei har. Begge dei to store partia, Moderatarna (som ikkje er så veldig moderate) og Socialdemorkatane, ligg an til å gjera middelmådige val. AP sitt systerparti blir nok størst.

Sverige sitt langt meir ekstreme svar på FrP, Sverigedemokratarna, ser ikkje ut til å komma inn i EU-parlamentet. Det gjer neppe Feministiskt Initiativ heller.

Ved det svenske EU-parlamentsvalet i 2004 stemte 38%, samanlikna med at 83% stemte året før i Euro-røystinga i Sverige. Spørsmålet blir om talet går endå lengre ned i år. Sist stemte berre 23% av dei yngte, kanskje Piratpartiet kan trekka nokre av dei ut av sofaen. Ellar vekk frå dataskjermen?

Hjå Aftonbladet (Sosialdemokratisk tabloidavis) kan du lesa meir om debatten i Sverige. Legg merke til kor ivrige dei er etter å få folk til å stemma.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: