Reddar britane EU?

5 06 2009

Reddar britane EU?

Noko av det EU fryktar mest med det pågåande valet til EU-parlament er at valdeltakinga nok ein gong skal setta ny botnrekord. Skjer det, vil det visa for all verda at EU manglar demokratisk legetimitet, og er utan folkeleg forankring.

Det er ei stor krise på gang i britisk politikk. Halve regjeringa går av, regjeringspartiet har rekordlåg oppslutning og folk er generelt sinte. Det er venta at mange vil nytta høvet til å protestera mot Labour, men òg mot dei andre store partia, gjennom å stemma på mindre parti i EU-parlamentsvalet. På venstresida kjem dei grøne truleg til å tena på det, på den ekstreme høgresida BNP (som får FrP til å framstå som multikulturalistar). UKIP, som gjorde eit kjempegodt val i 2004, men lenge har gjort det dårleg på målingane, har òg fått eit oppsving, og nokre målingar har vist at dei vil få fleire stemmer enn regjeringspartiet Labour. Sidan folk i UK er sure, og gjerne vil straffa regjeringa og topp-politikarane, kan det rett o glsett vera at fleire enn vanleg gjekk til urnene i går. Sist deltok godt under 40% i EU-parlamentsvalet i Storbrittania, kanskje krisa gjer at det blir fleire denne gongen. Kanskje krisa gjera at dei EU-kritiske britane som ein bieffekt reddar EU sitt skinn…

No blir det sagt at valdeltakinga i Nederland, som òg hadde val i går, gjekk noko opp samanlikna med i 2004. Den store vinnaren ser ut til å bli høgrepopulisitske Gert Wilders, som verkar som ein langt meir ekstrem variant av FrP.

Fleire land har lagt lokalval til same dag som EU-parlamentsvalet, i eit håp om å trekka opp valdeltakinga. Det gjeld i Storbritannia, men òg i andre val.

No er eg i Danmark og fyljer innspurten i valkampen. Her skal dei ha ein absurd folkerøysting om endring av tronfølgeloven samstundes som EU-parlamentsvalet. Ingen er eigentleg mot, men framlegget kan likevel falla på grunn av manglande valdeltaking. Elles merkar ein relativt lite til valkampen, det er nokre få valstands og ganske mange plakatar, men landet står ikkje akkurat på hovudet.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

6 06 2009
Sentrumskonservativ

I dag får vi vite om UKIP blir større enn Labour. Om det skjer, er Gordon Brown ferdig (bør iallfall være). Da må det utlyses nyvalg om ikke Brown finner en annen til å overta, et valg de konservative vinner. I sin tur vil dette føre til en folkeavstemning om Lisboa-traktaten, som nei-siden kommer til å vinne klart.

Når borgerne i et så viktig land som Storbritannia har sagt nei, er traktaten død. Vel å merke hvis ikke EUs skjulte hånd griper inn, slik den gjorde med Margaret Thatcher før Maastricht-traktaten ble ratifisert i sin tid.

7 06 2009
toresyvert

Det er ikkje gitt at han går av… Parlamentarikarane i Labour har lite interesse i nyval, sidan dei fleste vil mista jobbane sine om det blir nyval. Om det blir nyval no har Labour 1% sjanse, men mykje kan skje i løpet av eit halvår. Verre kan det ikkje gå for partiet.

Dessutan kan frykta for at eit nyval vil senka Lisboatraktaten kanskje vera med på å heva terkselen for at Brown går av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: