Det hemmelege valet

6 06 2009

Dagen før EU-parlamentsvalet er ikkje akkurat stemninga til å ta og føla på.

I Sverige veit ein av tre ikkje at det er val ein gong. Blant dei under tretti veit berre ein av tre at dei kan stemma.

No er eg i Danmark saman med ein gjeng frå Ungdom mot EU. Me vitjar Folkebevægelsen mod EU som, sjølv om dei er ei tverrpolitisk rørsle, stiller til val til EU-parlamentet. Dei har i dag ein representant, etter at dei i 2004 gjorde eit ganske dårleg val og fekk rundt 5%. På målingane ligg dei an til å få 6-8% av stemmane, altså ein liten framgang.

Valkampen her nede er veldig lite synleg. Mange av partia har me ikkje sett ein einaste valstand for gjennom fleire dagar her nede. Dei me har sett flest gonger er SF, som ligg an til å meir enn dobla oppslutninga si.

EU-parlamentet er det einaste folkevalde organet i EU-systemet. Parlamentet har fått meir makt dei siste åra, men har langt mindre makt i EU-systemet enn nasjonale parlament har i medlemslanda. Apatien rundt EU-parlamentsvalet viser fyrst og fremst at EU manglar demokratisk legitimitet. Sidan EU-systemet er så komplisert og stort er det vanskeleg for folk å fylja med på kva som skjer. At media skriv lite om EU-spørsmål, er òg med på å trekka det folkelege engasjementet ned.

Folket skal styra, ikkje styrast. Utan ein felles, demokratisk offentlegheit er det umuleg å ha eit folkestyre. Demokrati handlar om å diskutera felles saker, og så avgjer fleirtalet kven som skal styra på bakgrunn av kven dei er mest samde med. Når folk ikkje kan fylja med, og ikkje veit kven kandidatane er, eller kva dei meiner om ulike saker, er det ikkje muleg å ha demokrati. Konklusjonen må bli at makta må flyttast nærmare folket – frå EU til medlemslanda.

Det trengst sjølvsagt eit omfattande, internasjonalt samarbeid for å løysa internasjonale problem. FN må styrkast. Men internasjonalt samarbeid treng folkeleg forankring, og bør ta for seg genuint internasjonale problem som klima. EU driv og styrer masse ting som burde styrast lokalt eller nasjonalt. Kvifor skal EU avgjera kor vidt det er lov for Luxembourg å stilla krav om at alle som bygg offentlege bygg skal ha skikkeleg løn? Kvifor skal EU ha felles reglar som hindrar Danmark i å stilla krav om korte dyretransportar før slakting?

Det siste er ei sak mange diskuterer her: EU og dyrevelferd. Det var eit av dei tema som dominerte slutt-debatten på TV, som var i går. Eg er for så vidt glad i dyr eg, men synst det var litt smaklaust at dei blei brukt så mykje meir tid på å diskutera dyrevelferd enn global fattigdom.

I morgon er det val. Det mest spanande blir valdeltakinga. Og så blir det sjølvsagt spanande å sjå om Folkebevægelsen mod EU gjer eit bra val.

Du kan lesa meir frå turen, og sjå nokre artige bilete, hjå Gina Barstad.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

6 06 2009
Sentrumskonservativ

FN må svekkes, ikke styrkes. Ideelt sett bør Norge melde seg ut av verdensorganisasjonen. Jeg er overbevist om at verden ville blitt et bedre sted om denne ble oppløst.

7 06 2009
toresyvert

Veldig ueining. Punktum.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: