Ny ja-leiar…

7 06 2009

Paal Frisvold ny leiar av Europarørsla.

Europarørsla vil gjerne bli styrt frå Brussel.

Etter eit dramatisk val blei det klart at Paal Frisvold er den nye leiaren av Europarørsla. For dei som ikkje har fått det med seg (og det er vel dei fleste etter mange år med den sers anonyme Svein Ronald Hansen som leiar av rørsla) er det organisasjonen som freistar å vera motstykket til Nei til EU, og kjempa for norsk EU-medlemskap. Det er som å kjempa mot vindmøller, men dei held no fram likevel.

I debatten i forkant skreiv fylkesleiaren i Eb i Telemark at ” «Vi er også svært skeptiske til den kontroversielle Paal Frisvold – med kontor i Brussel. Med Frisvold som eventuell ny styreleder, vil både sentralstyret og vårt sekretariat bli fjernstyrt fra Brussel». Dette var meint som eit argument mot Frisvold, men i Europarørsla verka det kanskje som eit argument for. Han vant i kvart fall valet.

Eg trur diverre at Europarørsla har gjort eit godt val, i kvart fall fundert på kva alternativa var. Frisvold er ein frisk debattant, og har fagleg tyngde innanfor miljøfeltet. Han jobbar til dagleg som lobbyist i Brussel, og då er det vel ikkje tilfeldig at han elskar EU.

Han har tidlegare jobba for Rederiforbundet, og er ikkje akkurat folkeleg. Men det treng ikkje skada om målet er å appelera til Europarørsla sine kjernetropper.

Advertisements

Handlingar

Information

8 responses

7 06 2009
Magnus Mæland

hvordan er han ikke folkelig? siden jeg er fra Tromsø, utdannet lærer med et godt studielån, jobber i Høyre og er nestleder i Europeisk Ungdom så er vel heller ikke jeg folkelig. Må vel enten være FrP’er eller gå i lusekofte og stemme SV for å være folkelig.

Min kommentar er vel på like patetisk nivå som bloggen din.

7 06 2009
Big Bang

Problemet for Europabevegelsen er at det neppe finnes noe mindre folkelig enn akkurat dem. Denne organisasjonen ble dannet av EU-vennlige stortingsrepresentantere i sin tid og har ikke noe grasrotpreg. De vil aldri klare å oppildne noen folkemengder som «Nei til EU» er istand til.

7 06 2009
EWS

Kven var så denne Thorsvik? Eg registrerer at både NRK og Jabladet tek utgangspunkt i at me veit kven han er frå før av, men eg har aldri høyrt namnet før.

7 06 2009
Huff, dette besværlige demokratiet « Norske forhold

[…] Tore Syvert: Ny Ja-leiar […]

7 06 2009
Europabloggen.no » Blog Archive » Frisvold ny ja-leder

[…] Tore Syvert […]

8 06 2009
toresyvert

Til Eirik: Thorvik er ein i overkant av seksti år gamal mann som tidlegare har vore sjef i Statoil, og hatt ymse jobbar i utanrikstenesta. han leia i 1994 kampanja «frå nei til ja», som var ei gruppe sosialedemokratisk oritenterte menneske som gjorde eit poeng ut av at dei hadde vore nei i 1972 og hadde konvertert til 1994. Thorvik er nynorskbrukar!

Til Magnus: Å vera lærar er ganske så folkeleg, så ikkje få panikk. Eg har mykje godt å seia om ein del av eigenskapene til Frisvold (noko eg meiner eg gjer i det rett nok flåsete innlegget ovanfor). Når eg dristar meg til å seia at han ikkje er så veldig folkeleg er det delvis basert på kva jobbar han har hatt (Rederiforbundet, EØS-institusjonar) og at han driv sitt eige konsulentselskap og liker å gå i dress. Det diskvalifiserer han sjølvsagt ikkje frå å meina noko i den offentlege debatten, men det skiljer han ein del frå dei han vil overtyda om at EU er ein god ide.

9 06 2009
Sentrumskonservativ

Nei-siden må lære seg å bli mindre folkelig, og til å benytte seg av dem som angriper EU fra høyre Det er nok å velge blant.

9 06 2009
toresyvert

Neisida sine organisasjonar må ikkje angripa EU fyrst og fremst frå høgre eller venstre, men nedanfrå. Vårt hovudargument er folkestyre – at EU flyttar makt lengre vekk frå folk. Det går eg ut frå at mange både til venstre, i sentrum eller til høgre meiner er eit viktig argument.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: