EU-parlamentsvalet i Danmark

10 06 2009

Rundt EU-parlamentsvalet var eg òg ein gjeng UmEUarar i Danmark. Me vitja Ungdom mod EU i Danmark, lærte litt om dansk politikk, og tok del i innspurten av valkampen for Folkebevægelsen mod EU. Folkebevægelsen gjekk fram 2 prosentpoeng, til 7,2, og gjenvant sitt mandat med god margin. Søren Søndergaard har ikkje berre den stiligaste barten i EU-parlamentet, han står òg for ein EU-kritikk basert på folkestyre, miljø og solidaritet, altså ganske likt Nei til EU i Noreg.

Det var opløftande å sjå kor vital og aktiv organisasjonen var, og stemninga på valvaka var på topp. Gjennom valkampen i Københamn var organisasjonen ein av dei mest aktive, og vann plakatkrigen i toppen av lyktestolpane suverent.

Junibevægelsen gjorde derimot eit dårleg val. Dei gjekk frå 9% til 3%, og mista sitt mandat. Dei kjem truleg til å legga seg ned. Junibevægelsen er ikkje for at Danmark skal melda seg ut av EU, men har jobba mot korrupsjon, maktmisbruk og ytterlegare maktsentralisering i Brussel. Sjølv om eg heller ville ha stemt på Folkebevægelsen synst eg det er trist at Junibevægelsen rauk ut. Ein hovudgrunn til at det skjedde er at deira mest kjende ansikt, Jens Peter Bonde, ikkje stilte til attval, og toppkandidaten Hanne Dahl, ikkje greide å slå gjennom i media. Utan ein grasrotorganisasjon kan ein ikkje nå fram til veljarane med mindre ein har ein oppegåande og aktiv organisasjon til å føra valkamp. Det ser ut til å ha gjeve Junibevægelsen ein knekk.

Dei to store vinnarane av EU-parlamentsvalet i Danmark blei Sosialistisk Folkeparti og Dansk Folkeparti, som begge gjekk frå eit til to mandat. Dei hadde begge meir enn fem prosentpoeng vekst. Ytterfløyane går fram i dansk politikk. Samstundes er det verdt å merka seg at begge partia har blitt mindre ytterfløy i det siste. DF prøver å halda avstand til den reine rasismen, og SF er ikkje akkurat glade i å snakka om ideologiske spørsmål. EU-politisk er ingen av partia for at Danmark skal melda seg ut av EU, men begge seier nei til å innføra Euro som valuta. SF førde ein valkamp som fyrst og fremst handla om kva slags politikk dei ville jobba for i EU ( grøn energi, kamp mot sosial dumping), medan DF brukte ein del tid og krefter på å kritisera EU. Truleg har DF stole ein god del av dei veljarane som stemte på Junibevegelsen sist.

Valkampen var generelt prega av at dei vanlege politiske partia (utanom Radikale Venstre) kom med EU-kritiske utsegner. Sosialdemokratane ville trossa Schengen og gjeninnføra grensekontrollen. Venstre sin toppkandidat sa at han ikkje ville jobba for å selja EU til danskane, og at han fyrst og fremst skulle vera Danmark si røyst i EU, ikkje partipolitikar. Han ville dessutan teikna opp grenser for kor mykje EU skal styra. Toppkandidaten til Konservative snakka mykje om at han ikkje ville ha Tyrkia med i EU.

Gjennom å komma med EU-kritiske utsegn håpa partia å stela moderate EU-kritikarar frå Junibevægelsen. Dette såg ut til å funka fint. Dei mest overtydde EU-kritikarane gjekk frå Junibevægelsen til Folkebevægelsen, og så satt Liste J igjen med berre menigheita.

Ved sidan av Junibevægelsen blei den store taparen ved valet ( i kvart fall psykologisk) Radikale Venstre. Namnet må ikkje mistolkast, det dreier seg om eit sosialliberalt parti som liknar mest på Venstre i Noreg, nest med på Senterpartiet. Dei førde ein føderalistisk valkamp, med fokus på at dei var dei einaste som verkeleg elska EU. Veljarane svarte med å senda dei ut av EU-parlamentet. Til RV sitt forsvar må det seiast at det er ein nei-fraksjon i partiet òg. Både kampanjesjefen og 2. kandidaten på Folkebevægelsen si liste er medlem av partiet.

Sosialdemokratane gjekk flest prosentpoeng tilbake (meir enn 10), men tok det likevel som ein siger sidan dei blei større enn Venstre (som tilsvarar Høgre og dei moderate i FrP). Ved sist val hadde dei ein populær eks-statsminister på topp, no hadde dei ein ukjend ungsau. Difor feira dei valnederlaget som ein siger, kanskje litt for heftig skal ein tru Dagbladet.

Det danske politikarar er mest stolte av, er at valdeltakinga faktisk gjekk opp. I EU gjekk deltakinga ned 2%, i Danmark auka ho med rundt 10%. Hovudgrunnen til det var at ein òg hadde ei folkerøysting om Tronfølgeloven. Dette fekk ein del kongetro danskar til å ta turen til valurnene.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

11 06 2009
sl

Jeg gir EU parlamentet 5 år til. 5 år med skandaleavsløringer..det er dette topptunge hølet noen i Norge svermer for. Finanskrisen har vist i overmål at sentralisme er gått ut på dato, det skjer i USA og Canada og det skjer i Europa.
Ingen ønsker overstyring. Følg cyberkulturen, den er omnipotent og motstrøms..

12 06 2009
Sentrumskonservativ

Pactio Olisipiensis censenda est!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: